Anja Ariel Tørnes Brekke har delt denne artikkelen med deg.

Anja har delt denne artikkelen

Bli abonnent
Statsbudsjett

SV-toppar ville seie ja til statsbud­sjettet

Landsstyret i SV var splitta i synet på om dei skulle seie ja eller nei til statsbudsjettet saman med Ap, Sp og Raudt.

HEKTISK: SV-leiar Kirsti Bergstø hadde pressefolk på slep då ho laurdag hasta mellom møte på Stortinget. Foto: Jonas Been Henriksen, NTBHEKTISK: SV-leiar Kirsti Bergstø hadde pressefolk på slep då ho laurdag hasta mellom møte på Stortinget. Foto: Jonas Been Henriksen, NTB

Det rår raudgrønt budsjettkaos i Stortinget. Fredag blir budsjettavtalen mellom Ap, Raudt og Sp lagt fram, og det er enno ikkje klart om SV og MDG vil seie ja til eit budsjett.

No kan Klassekampen fortelje at SV kunne ha sagt ja til budsjettavtalen viss fleire i partiets landsstyre hadde fått vilja si.

På fredag var landsstyret i SV samla for å ta stilling til om dei var nøgd med dei politiske resultata frå forhandlingane med Ap, Raudt, Sp og MDG.

I dag veit vi resultatet: Då budsjettavtalen blei presentert laurdag, var det berre Ap, Sp og Raudt som skreiv under – SV var ikkje med på avtalen.

Men då landsstyret i SV debatterte saka, var det fleire i landsstyret som stemte for å seie ja til budsjettavtalen. Sentrale kjelder i SV stadfestar at ein representant for kvar side – både dei som ville seie ja til avtalen og dei som ville seie nei – presenterte sine respektive syn for landsstyret. Utfallet blei at nei-sida vann fram, og at SV derfor ikkje skreiv under på avtalen.

Stor frustrasjon

Landsstyret er SVs høgste organ mellom landsmøta. Ein landsstyrerepresentant som Klassekampen har prata med, fortel at møtet var prega av stor frustrasjon over kor lite Arbeidarpartiet hadde gitt SV i forhandlingane. Mellom anna skal landsstyret ha vore overraska over at det ikkje var mogleg å rikke Ap i spørsmålet om Oljefondet sine aksjar i israelske selskap.

SV-leiar Kirsti Bergstø vil ikkje svare på kva som har vorte diskutert på interne SV-møte.

– Eg kommenterer ikkje kva som skjer på interne SV-møte. Vårt mål er å sikre eit fleirtal for statsbudsjettet, for det er berre eit fleirtal i Stortinget som kan sikre budsjettet. Å sikre eit fleirtal er einaste måten å trygge at budsjettet faktisk vert vedteke i Stortinget.

Tydelege SV-spor

Sjølv om SV-leiar Bergstø ikkje ville vere med å leggje fram forslaget til statsbudsjett saman med Ap, Senterpartiet og Raudt, så tykkjer ho at det er mykje bra i forslaget.

– Det er veldig tydelege SV-spor på det statsbudsjettet som dei tre partia la fram. Både på tannhelse, på stopp i mineralutvinning på havbotnen og på bemanning i barnehagane. Vi har også endeleg fått på plass at uføre kan jobbe og tene pengar opp til 1G utan å få trekk i trygda.

– Eg er også glad for at alvoret i kommunane vert møtt med meir pengar. Det er mykje i det budsjettet som er lagt fram, som er bra, seier ho.

«Vårt mål er å sikre eit fleirtal for statsbudsjettet.»

Kirsti Bergstø, leiar i SV

– På fredag skal eit endeleg budsjett verte lagt fram i Stortinget for votering. Kjem det som vert lagt fram der til å vere annleis enn det som dei tre partia presenterte på laurdag?

– Det vil det. Vi jobbar med heilt reelle endringar no. Forhandlingane er ikkje avslutta før vi har ein avtale. Erfaringa mi er at det er særleg det siste døgnet at vi finn løysingar. Det fekk vi ikkje moglegheit til no, fordi dei andre partia i mindretal insisterte på å leggje fram eit forhasta mindretalsforslag.

Kan kaste Støre

Til Klassekampen måndag sa MDG-leiar Arild Hermstad at det ikkje var aktuelt for MDG å røyste for statsbudsjettet slik det no ligg føre, heller ikkje dersom Støre stiller kabinettspørsmål i saka.

Eit kabinettspørsmål tyder at den sitjande regjeringa seier ifrå om at den går av dersom den ikkje får ynska fleirtal.

Bergstø seier på si side at ho har trua på at dei raudgrøne partia skal bli samde om noko som alle fem partia kan stille seg bak.

– No jobbar vi for politiske endringar som gjer at vi får ein heilskap som alle partia kan stille seg bak. Vi jobbar no med MDG og med Arbeidarpartiet med mål om å lande eit fleirtal. Det trengst eit fleirtal for å lande budsjettet.

– Har Arbeidarpartiet gitt dykk noko meir enn det som er lagt fram så langt?

– Eg går ikkje inn i samtalane vi har, men det er gode og konstruktive samtalar. Det er det som gjer at eg har trua på at vi skal klare å lande eit fleirtal. SV har vore opptekne av å halde det raudgrøne laget samla. Det er berre når vi står samla at vi kan gjere dei politiske endringane som vi alle ynskjer.

Lyst å lese mer fra Klassekampen?

Bli abonnent

Du kan enkelt registrere deg med