Solveigs salt

Sjølvbindaren

Å pressa seg inn i ei ferdig form er ei farleg freisting for folk

Ein ettermiddag i 1960 køyrde far min som så ofte før ein raud traktor gjennom ein gyllen byggåker. Bak traktoren hang ein sjølvbindar, ein maskin frå den tidlege industrialiseringa av jordbruket, utvikla tett opp til dei sigdane, hendene og bøygde ryggane som hadde gjort jobben sidan steinalderen. Kjerringa mot straumen må ha vore leiar for prosjektet, for den lange metallinretninga som kutta halmstråa av, var snarare ei saks enn ein kniv. Dei fall på ein transportør av lerret, blei bunta i hop til gamaldagse julenek av eit mekanisk knyteapparat og dumpa bak. Men det var ingen automatikk i det, så det måtte sitja nokon med skarpt syn og gode refleksar på det rumpeforma metallsetet oppå sjølbindaren og gripa inn med to spakar for at bunting og knyting skulle gå rett føre seg.

Du må være abonnent for å lese denne artikkelen

Solveigs salt

Ri­siko­sport

Jane Austen er først og fremst verd å minnast fordi ho skreiv fabelaktige bøker, men ho skil seg òg ut fordi ho til kvinneleg forfattar å vera hadde ein uvanleg støttande familie. Då «Stolthet og fordom» nettopp var komen frå trykkeriet, tok ho ei av svigerinnene sine med inn på soverommet for å lesa høgt for henne, og ei yngre søster til denne svigerinna, som hadde lista seg etter for å tjuvlytta, fortalde seinare at ho hadde høyrt muntre lattersalvar gjennom den lukka døra. Ho fortalde òg at tante Jane, som ho kalla henne, ofte sat heilt taus med eit sytøy i hendene attmed peisen i biblioteket. Så kunne ho brått setja i å le, spretta opp or stolen og springa tvers over golvet bort til eit bord der penn og papir låg klar. Etter å ha skrive ned nokre ord gjekk ho roleg tilbake til peisen og heldt fram med å sy. Ho var fødd fjorten år før den franske revolusjonen, i ein engelsk presteheim som var svært rik både på kulturkapital og kjærleik. I ungdomen gjekk ho mykje på ball, ein slags dansefestar der folk slapp laus søner og døtrer slik at dei kunne snusa seg fram til høvelege ektemakar under kontrollerte forhold. Minst to gonger blei ho fridd til, først av ein som døydde like etter, deretter av ein som ho sa ja til fordi han var eit godt parti. Dagen etter slo ho opp, og familien skjøna at det hadde vore ei vond avgjerd for henne. Men brørne hennar sytte for at ho hadde pengar nok til å leva like standsmessig som ho var vand med, og ho trong aldri gifta seg for å bli forsørgd. Å gå på ball var svære greier for alle jenter som var av god nok familie til å bli inviterte.

Gråtande menn

Ingen kunne unngå å få med seg at Noreg slo Italia i fotball for menn sist søndag, og dermed kvalifiserte seg for deltaking i verdsmeisterskapen neste år. Det var fint lagspel og fabelaktige einskildprestasjonar, så gripande å vera vitne til at det kunne driva fram tårene på nokon kvar. Så har det då heller ikkje mangla på mediedekking av vaksne karar som græt offentleg, og det utmattande maset om mannen i krise har fått ei forfriskande overrisling av naturlege reaksjonar. Menneskeleg atferd er alltid regulert av skikk og bruk, og ofte trengjer krava frå dei andre så djupt inn i sinnet at folk mistar kontakten med kjenslene sine og blir framande for seg sjølve. Det britiske direktivet om å halda overleppa stiv var ein måte å markera seg som vaksen på overfor innbyggjarane i koloniane, som systematisk blei forklarte som barnslege og uansvarlege. Snart måtte alle kvite menn med respekt for seg sjølve gå omkring med eit andlet av stein. Når det sprakk, slik det før eller seinare alltid gjorde, var det til den største forferding både for dei sjølve og dei som såg på. Men i den fjerne fortida som det er fortalt om i Iliaden og Odysseen er det tvert om heilt normalt å gråta både offentleg og privat.

Giftgass

Då eg blei fødd, sa mormor: Det blei berre ei jente. Det blei gjenfortalt som ein vits. Etter generasjon på generasjon med gråkledde gutar hadde det endeleg kome jenter på garden, med fine kjolar og sløyfer i håret, først søster mi og så meg. Alle måtte jo sjå at eg var toppen av skaparverket, og når mormor trudde at det hadde vore betre med ein liten bror, var det så på tvers av alle kjende verdiar at det var ikkje til å ta på alvor. Farmor hadde fødd tre søner, men mista den einaste dottera, så for henne må jenter ha vore særskilt verneverdige. Mormor hadde alt opp fire flinke og velskapte døtrer, men ingen odelsgut. Ho såg nok på seg sjølv som berar av eit katastrofalt kvinne-gen som ho no hadde smitta ei aktverdig manneslekt med. Det var ei skam som ingen kunne fri henne frå, ikkje eingong farmor, som ho elles såg svært opp til. Fram til førre hundreårsskifte knytte det seg lite sentimentalitet til jordeigedom, og farfar til farfar kjøpte og selde gardar alt etter kva som lønte seg best.