Eg sender deg ei fredshelsing, noko menneskeslekta og folka som lever i fattigdom, konfliktar, krig og svolt sårt treng. Dette opne brevet er for å uttrykka og dela nokre tankar.
Det overraska meg at Nobelkomiteen tildelte deg Nobels fredspris. Eg kom til å tenka på kampane vi førte mot diktatura i Latin-Amerika og i mitt eige land, militærdiktatur som vi i Argentina gjennomlevde frå 1976 til 1983. Vi stod imot fengsel, tortur, dødsflygingar og eksil med tusenvis av forsvunne, kidnappa og forsvunne born. Eg er sjølv ein av dei overlevande.
I 1980 tildelte Nobelkomiteen meg Fredsprisen. 45 år har gått og vi held fram med å arbeida for dei fattigaste saman med dei latinamerikanske folka. Det var i namnet til alle desse at eg tok imot den høge utmerkinga, ikkje for sjølve premien, men på grunn av plikta andsynes desse folka som er med i våre kampar med håp om å skapa ein ny morgondag. Fred blir til i vårt strev frå dag til dag, og det må vera samsvar mellom det vi seier og det vi gjer.
Eg er no 94 år, men framleis ein læregut i livet, og eg er uroa for haldninga di og dine sosiale og politiske val. Difor sender eg deg desse tankane.
Regjeringa i Venezuela er demokratisk med positive og negative sider. Hugo Chávez markerte vegen til fridom og suverenitet for folket, og han kjempa for latinamerikansk einskap, det var ei oppvakning for Det store fedrelandet (Patria Grande). USA gjekk til stadige åtak på han: Dei kan ikkje tillata at noko land kjem seg laus frå deira innverknad og koloniale avhengigheit. USA held fram med å hevda at Latinamerika er deira «bakgard». Blokaden av Cuba som USA har drive med i meir enn 60 år, er eit åtak på folka sin fridom og deira rettar. Motstandskampen til det kubanske folket er eit døme på verdigheit og styrke.
Eg er forundra over at du står så hardnakka fast ved USA. Du bør vita at landet ikkje har allierte eller venner, berre interesser. Diktatura som blei prakka på Latin-Amerika, blei til på grunn av USA sine interesser for dominans, og dei øydela liva og den sosiale, kulturelle og politiske organiseringa til folka som kjempar for sin fridom og retten til sjølvbestemming. Vi kjempar for retten til å vera frie og suverene til å bestemma, og ikkje ein koloni av USA.
Regjeringa til Nicolás Maduro lever under trugsmålet frå USA om ein blokade. Det held å ha in mente marinestyrkane i Karibia og faren for invasjon i landet ditt. Du har ikkje sagt eit einaste ord imot, men støttar stormakta si innblanding i Venezuela. Det venezuelanske folket er reie til å stå opp mot trugsmålet.

Corina, eg spør deg: Kvifor bad du USA om å invadera Venezuela? Då du fekk vita at du fekk Nobels Fredspris, dediserte du den til Trump. Han som overfell landet ditt, han som lyg og klagar Venezuela for å smugla narkotika, ei løgn som kan jamførast med den George Bush presenterte då han klaga Saddam Hussein for å ha «masseøydeleggingsvåpen», eit påskot for å invadera Irak, plyndra landet og såleis gjera seg skuld i tusenvis av dødsoffer, inkludert kvinner og born. På slutten av krigen var eg på barnesjukehuset i Bagdad og såg dei øydeleggingane og den døden som dei påførte, dei som erklærer seg sjølve for å vera forsvararar av fridommen. Den verste valden av dei alle er løgna.
Gløym ikkje, Corina, at Panama blei invadert av USA og utsett for død og øydelegging for å ta til fange ein tidlegare alliert, general Noriega. Invasjonen lèt etter seg 1200 døde i fattigområdet Los Chorrillos i Panama By. I dag gjer USA på nytt krav på Panama-kanalen. Lista er lang over interveneringar og smerte som USA står bak i Latin-Amerika og i verda elles. Årene er framleis opne i Latin-Amerika, slik forfattaren Eduardo Galeano uttrykte det.
Eg er uroa over at du ikkje har dedisert Nobel-prisen til ditt eige folk, men til dei som overfell Venezuela. Eg trur, Corina, at du må finna ut kor du er, om du kan henda er ein del av USA sitt kolonivelde, underordna deira interesser for dominans, noko som aldri kan vera bra for folket ditt. Som opposisjonell til Maduro si regjering skapar dine haldningar og val mykje tvil, du søker til det verste når du ber USA invadera Venezuela.
«Den verste valden av dei alle er løgna»
Det viktige er å vera merksam på at skal ein bygga fred, så trengst det mykje styrke og mot til beste for folket ditt, som eg kjenner og er svært glad i. Der det tidlegare var rønner oppi åsane, og der dei levde i fattigdom, ofte ekstrem fattigdom, der er det i dag skikkelege hus, helsetenester, skular og kultur. Folket sin verdigheit er ikkje til sals.
Corina, som diktaren seier: Vegfarande, der er ingen veg, vegen blir til medan du går. No har du høvet til å arbeida for folket ditt og bygga freden, ikkje skapa meir vald, eit vonde blir ikkje løyst med eit større vonde. Då får vi berre to vonde og aldri ei løysing av konflikten.
Opna ditt sinn og hjarte for dialogen i møte med folket ditt, tøm krukka med vald, og bygg fred og einskap med folket, slik at lyset av fridom og einskap kjem inn.
Omsett frå spansk av Johannes Nymark
