Akkurat nåAkkurat no

Ein knekk i kvardagen

Det er mykje ein kan angre på frå barndomen, som å skyte småfugl med luftgevær, sprenge postkasser med Tigerskott, ringe på hos demente eldre og stikke av, gnikke med isopor på vindauga til grisebøndene i bygda og kople frå bremsane på syklane til lærarane på skulen, men det er òg nokre kjeltringaktige tradisjonar som er i ferd med å gjere comeback i heimen.

Du må være abonnent for å lese denne artikkelen

Akkurat nå

Djevel­te­lefon

Jeg sto utenfor Luckin Coffee i en nedslitt gate i Chengdu og prøvde å få kontakt med en av medarbeiderne der inne. Men imellom meg og en god start på dagen (kaffe) var det en QR-kode jeg ikke fikk til å fungere. Og til min fortvilelse kunne mannen på den andre siden av disken meddele at å bestille på det mellommenneskelige vis var helt uaktuelt. Etter tre uker i Kina hadde skjermtida min økt til det ­dobbelte. Jeg levde på batteritidas ­premisser og, ettersom jeg nektet å gå til anskaffelse av powerbank, på ­konstant leting etter europeiske adaptere på kafeer rundt omkring. Lenge hadde jeg prøvd å befri med fra mitt digitale selv, men nå sto telefonen imellom alt. Kroppsspråk kunne jeg bare glemme: Før jeg rakk å blunke, viftet alle jeg møtte med telefonens oversetterrobot i lufta. Greit nok at toilet ikke er universelt, men jeg hadde likevel et håp om at gestikulering i form av «jeg er tissetrengt» skulle være nok.

Sjå meg, då

Denne veka var eg ein tur til frisøren, sat i ein time, blei klipt og frisert og følte meg fresj og fin då eg gjekk ut i den varme septemberlufta. Lokkane låg strødd utover golvet då eg reiste meg frå frisørstolen og gjekk for å betala for min nye frisyre. Eg syntest sjølv ho hadde klypt ganske mykje, og at eg såg ny og fin ut. Men heime var det ingen som såg den nye klippen, som hadde kosta meg over tusen kroner. Verken mann eller barn eller venner reagerte då eg for første gang på fleire veker følte meg velstelt på håret. No har eg tenkt å sjå kor lenge eg kan gå rundt og vifta med min nye klipp før mine nære ser meg. Skal eg gi dei helga før eg spør om dei har sett ei forandring? Eller kanskje ei veke.

Utfordring

Ei sak som irriterer meg grøn å lesa, er folk som sprett opp av senga for å springa eit par mil før jobb, og så skryta av det i avisene. Det er gjerne advokatar, legar eller andre i tidsoppslukande funksjonar, med ein drøss av ungar, som avisene får tak i og avbilda i treningstøyet til desse reportasjane. Kanskje er tanken at sakene skal fungera som ein inspirasjon for oss alle som ikkje kjem oss opp av sofaen og inn i den gamle treningsbuksa før sola har stått opp, men slik har dei dessverre aldri fungert for meg. Sakene har nok pirka i noko i meg, for eigen treningsinnsats står ikkje i stil til kva eg tenker kroppen fortener av jamleg stell. Stort sett består mitt kroppslege vedlikehald i å springa opp og ned alle dei mange trappene hos oss, fleire gongar om dagen, gjerne for å henta saker og ting. Og ein skal ikkje undervurdera trappetrimmen, det blir mange steg og høge kneløft kvar dag. Men no er ambisjonane jekka opp. Og no skal eg hiva meg på og fortelja om mine eigne treningsmål, som er sirleg skrive opp på ein lapp.