Sidan 1990-åra har vi fått høyre (og tatt meir eller mindre for gitt) at den globale oppvarminga og klimaendringane fører til eit «varmare, våtare og villare» klima med fleire naturkatastrofar. Vi har lagt bak oss ein sommar med meldingar om tørkekatastrofar i Sør-Europa, skogbrannar og varmebølgjer. Når vi nå går inn i hausten, er «Amy» det første varselet om kva som ventar oss: stormar, flaumar og ras. Vi vil bli minna om at mykje av dette er resultat av klimaendringane.
Det som likevel står fram som eit paradoks, er at det ikkje har blitt mykje verre. Den globale temperaturen er i ferd med å passere 1,5 grader over førindustrielt nivå. Dette er den grensa Parisavtalen har sett for kva verda bør halde seg innafor. Dersom vi hevar blikket og ser på det store globale bildet over tid, er likevel det som bør overraske oss at det ikkje har skjedd ein dramatisk auke i talet på naturkatastrofar.
Sanninga er at om vi hevar blikket forbi dei nesten daglege medieoppslaga om korleis klimapåverka ekstreme vêrhendingar truar liv og helse over heile kloden og ser på statistikken, har det neppe blitt særleg verre dei siste 20–30 åra.
Dersom vi ser på statistikken over naturkatastrofar år for år frå 1900 til 2023, har mange, både FN-organ og andre, hevda at talet på naturkatastrofar er minst firedobla sidan 1970-åra. Det stemmer. Frå omtrent 70–80 registrerte naturkatastrofar i byrjinga på 1970-åra til rundt 420 ved tusenårsskiftet. Men det som er oppsiktsvekkande, er at etter tusenårsskiftet ser vi ingen aukande trend. Tvert om. I den grad det er ein trend, ser den ut til å vere svakt avtakande. Det er etter kvart også blitt akseptert at den sterke auken i registrerte katastrofar frå 1980-åra og til 2000 for ein stor del hadde å gjere med betra registreringsrutinar, og at særleg «mindre» katastrofar hadde vore underrepresenterte tidlegare.

Mønsteret blir det same om vi ser på tal berre for Europa. Etter 2000 varierer talet på katastrofar frå år til år, men trenden er heller nedgåande enn oppgåande. Det verkeleg oppsiktsvekkande er med andre ord at frå om lag frå det tidspunktet da verda tok til å ta klimaendringane på alvor med etableringa av Kyoto-avtalen i 1997, ser vi ingen auke i talet på naturkatastrofar.
Dette blir enda meir oppsiktsvekkande dersom vi også ser på talet omkomne i naturkatastrofar. Dei verkeleg store naturkatastrofane med fleire millionar omkomne per år finn vi tilbake i 1920, -30 og 40-åra. I 1920-åra omkom i gjennomsnitt meir enn ein halv million menneske årleg i ulike naturkatastrofar. I 1931 er det anslått at 3,7 millionar menneske omkom berre som resultat av ein enorm flaum i det sentrale Kina, den såkalla Yangtze-Huai flaumen. I 1928 omkom minst tre millionar menneske i tørkekatastrofar, også det i Kina. Samtidig var folketalet på jorda berre ein fjerdedel av kva det er i dag. Tørkekatastrofar var eit tilbakevendande problem i verda heilt fram til 1980-åra.
Den generelle og udiskutable trenden er at frå 1920-åra har talet på omkomne i ulike naturkatastrofar gått jamt ned. Dei største dødstala dei siste tiåra har heller ikkje vore knytte til vêr-relaterte katastrofar, men til jordskjelv. Samtidig viser den registrerte statistikken at talet på naturkatastrofar auka dramatisk frå cirka 1970-åra og fram til tusenårsskiftet. Da bør vi likevel ta med oss at ein god del av denne auken truleg har å gjere med underregistrering før år 2000. (Datagrunnlaget og statistikken som ligg til grunn for denne framstillinga er henta frå databasen Our World in Data.)
Korleis kan dette henge saman? Vi skulle venta at klimaforskarar, miljøorganisasjonar og den pressa som stendig minner oss om at alt blir verre, hadde vist større interesse for eit så iaugefallande paradoks. Her eg sit ved PC-en og ser «ekstremvêret Amy» piske mot ruta, gjer eg meg likevel nokre refleksjonar.
For nokre få dagar sidan, i slutten av september i år, slo tyfonen Bualoi inn over Vietnam med enorme materielle øydeleggingar. Her bleiknar «Amy». 350 hus øydelagde, nesten 30.000 menneske evakuerte. Ein tidleg rapport melde om 13 døde og 46 skada (Reuters). Talet på døde og skada vil truleg auke. Likevel, det vil vere tale om nokre titals omkomne. Det er sjølvsagt ille nok, men utan eit relativt moderne varslingssystem, infrastruktur til å evakuere tusenvis av menneske, slik det blei gjort, ville dødstala utan tvil blitt langt høgare.
Kontrasten kan vere syklonen Idai, som slo inn over land ved Beira i Mosambik i mars 2019. Her var resultatet 602 bekrefta dødsfall (Wikipedia). Det reelle talet truleg høgare. Det er vanskeleg å seie om denne syklonen var kraftigare enn den som råka Vietnam i år, med øydeleggingane og talet på omkomne var i alle fall lang meir dramatiske i Mosambik. Og grunnen til at det blei så ille, reflekterte Mosambik-kjennaren Helge Rønning over i Bistandsaktuelt : «Det spesielle ved denne syklonen er ikke at den er spesielt kraftig, men at den rammer et land og en befolkning som er svært sårbare. Skadevirkningene blir dermed så enormt mye større enn om dette skulle rammet et land som er rikere og mer robust.»
Vietnam er også eit fattig land, men er trass i alt meir utvikla og har større kapasitet til å møte slike katastrofar. Det enkle poenget er at kva som kjem til å telje som ei naturkatastrofe, og kor stor katastrofa blir, er ikkje berre eit spørsmål om dei fysiske dimensjonane ved katastrofa. Det er minst like mykje eit spørsmål om samfunnets evne og kapasitet til å handtere verknadene.
Naturkatastrofar blir registrerte og målte etter kor omfattande verknadene er. Det er dermed ein samanheng mellom våre to diagram. Fordi færre menneske omkjem i naturkatastrofar, blir dei registrerte verknadene av naturkatastrofar mindre. Dermed vil det vere mange alvorlege klimarelaterte hendingar som ikkje lenger kjem til å telje som katastrofar i statistikken, fordi verknadene blir begrensa, og fordi ingen – eller berre nokre få menneske – omkjem. Og jo betre samfunnet blir til å ta seg av verknadene av alvorlege naturhendingar, kan det godt hende at talet på stormar, flaumar og ras fortset å gå opp, men samfunnet tilpassar seg slik at verknadene blir mindre og den aktuelle orkanen ikkje kjem med i statistikken. Med andre ord: Det er høgst rimeleg å tru at media har rett, at vi opplever meir ekstremvêr – samtidig som samfunnet er blitt betre i stand til å handtere verknadene.
I klimadebatten blir økonomisk vekst gjerne halde fram som forklaringa bak klimaendringane. Det er rett, og det heng saman med at den økonomiske veksten i global forstand har vore basert på karbonbasert energi, først og fremst kol og olje. Men det er samtidig denne økonomiske veksten, først og fremst etter Andre verdskrigen, som har sett verdssamfunnet betre i stand til å møte klimaendringane.
Verda er blitt rikare, og det er rett at rikdommen og det auka forbruket som ligg bak menneskeskapte utslepp også grip inn i naturen. Men svært mange av desse naturinngrepa verkar samtidig til at samfunnet på ein heilt anna måte enn i førindustrielle og meir tradisjonelle samfunn har skaffa seg kontroll over naturen, og dermed også kontroll med dei skadane naturen kan påføre sårbare samfunn. Det gjeld så som regulering av vassdrag, bygging av irrigasjonsanlegg, utbygging av vegsystem og andre kommunikasjonsmiddel som lettar transport av mat, og får raskare fram hjelp til samfunn som er utsette for naturkatastrofar. Flytrafikken blir gjerne halden fram som ein klimaversting, men moderne flytrafikk er avgjerande for å få fram rask og effektiv hjelp til katastrofeområde. Like eins er det faktum at vi i dag lever i ei verd som på grunn av den økonomiske veksten dei siste tiåra har skapt rikdom også har skapt global økonomisk kapasitet til å setje inn internasjonal hjelpeinnsats for å dempe alt frå svoltkatastrofar til tørke- og flaumkatastrofar.
Så blir det også gjerne vist til at sjølv om talet på omkomne går ned, aukar kostnadene med naturkatastrofar dramatisk. Det kostar å rydde opp, finansiere naudhjelp og bygge opp igjen vegar og hus. Det stemmer at kostnadene målt som økonomisk tap sidan 2000-talet har auka mykje meir og raskare enn talet på omkomne og talet på ekstreme hendingar. Men dersom vi ser på kostnadene som andel av BNP, vil vi sjå at kostnadene relativt sett minkar. Med andre ord: den globale økonomiske veksten aukar raskare enn dei klimarelaterte kostnadene.
Vi står med andre ord overfor eit interessant paradoks: Den same utviklinga som har bidradd til den globale oppvarminga, klimaendringane og som har auka talet på ekstreme naturhendingar, har samtidig sett samfunnet betre i stand til å handtere slike hendingar. Mange klimaaktivistar og ein del forskarar peikar på økonomisk vekst som den store klimatrusselen og forlanger reduksjon i veksten og helst nedvekst som klimatiltak. Dei er ikkje i stand til å sjå at det er den økonomiske veksten dei siste tiåra som har betydd mest for å beskytte samfunna mot naturens ustyrlege krefter og øydeleggingar. Krav om utsleppskutt som hindrar fattige land i å skape vekst og utvikling overser at økonomisk vekst er eit vilkår for klimatilpassing, først og fremst i fattige land. På kort sikt vil dette framleis krevje betydeleg bruk av karbonbasert energi, mellom anna kol, olje og gass.
Klimaendringane er alvorlege. Dei påfører samfunna både i den rike og dei fattigare delane av verda store både menneskelege og materielle kostnader. Det viktigaste vi i den rike delen av verda kan gjere, er å intensivere utviklinga av teknologi og utsleppsfri energi, først og fremst nye former for kjernekraft, sol og vind, i eit omfang og til ein pris som på sikt gjer det mogleg å fase ut kol og olje utan å undergrave velferd og økonomisk utvikling både i dei rike og dei fattige delane av verda. Den mest kontraproduktive av alle strategiar for å møte klimaendringane, er å gå inn for økonomisk nedvekst og å motarbeide alle former for utbygging av utsleppsfri og fornybar energi. Skal vi kunne handtere klimaendringane, vil det krevjast store mengder ny og utsleppsfri energi.