Teaterfestivalen i Fjaler for tre veker sidan hadde som tema frendelaget kring Nord-Atlanteren – historisk og kulturelt sameige. Det får liggja, nett her er ærendet eit anna: Kva gjer at ei slikt tilskiping er mogeleg, i dag da vi er vane med å kjøpe oss inn og betale oss ut? Kvar kjem dei frå, desse ti- og hundretal av friviljuge? Kva reknar ein som friviljug?
Det friviljuge er å underkaste seg ein forplikting. Å gjere dette sjølv om ein hadde lyst til mangt anna. Forpliktinga og truskap, ikkje til Thalia og Terpsikhore eller dei andre musene, men til eigne sambygdingar som òg gjer sitt. Til ho som skal bake tre brød og kjem med 17 til. Dei som har dagevis med dugnadstimar og bilag på utlegg ein ikkje bryr seg med å krevje. Dei løyser likevel billett, om dei får tid til å slengje ræva nedpå og sjå ei framsyning eller to innimellom alt anna som skal gjerast.
Desse som køyrer traktor og lempar stolar og bord, som strekker kabel og riggar utstyr. Turkar tårer og trøystebles på skrubbsår. Køyrer traktorlass med pallar til bål, reiser telt, kokar kaffi og set mat på bordet. Dei som ikkje vert ståande og glo, dette skulle vore gjort, men tar ansvar for det dei ser, og umint tek ei hand og to med. Eg vil minne om to grupper som er særs viktige og ofte underskatta: Det er dei velvillige uinteresserte og dei som kjem i tolvte time. Dei som kjenner seg forplikta av dei hine, og dei som ser at her er det bruk for dei. Eg får no vere med sjølv om eg ikkje har noko med det. Det er ikkje det at eg bryr meg så mykje om det eller hitt, men det er no kjekt at det er nokon som bryr seg og gjer ein innsats, så då får no vi òg vere med. Og ho og han er no med, så då får eg òg gje ei hand.
Det er ikkje bere her og i dette høve, det er alle stader. Denne indre forpliktinga er sjølve samfunnsmørtelen. Sjå nytta utan for eigen nytte, eller er det eigennytta som òg ytrar seg på dette vis? Kvifor har du gjort dette, opna huset for ei slik tilskiping? Nei, men det er då bere kjekt at det er nokon som vil stelle til. Det var nok ikkje overtenkt i søvnlause netter. Klårt ein må gjere sitt. Utan slike vert det korkje festival eller anna av.
I år hadde festivalen teke over fjorden til Rivedal. Fredagskvelden var det tilskipingar der. Langs vegar og i tun var julelysa hengde opp og tende. Bygdefolket opna og baud oss inn. Kom her! Kom inn til oss inn i bestestovene, i løer, reiskapshus, stabbur og fjøsloft, med performance, konsertar og anna i. Det er ikkje bere å setje opp døra å seie ver så god, kom her og kom inn. Det må ha teke timar og dagar å gjere det klart. Skulle ein ikkje ha fare over stovetaket? Eit skvett måling på rekkverket på låvebrua? Jau, det skulle ein. Og kor er høgtrykksspylaren? Rydda og vaska på tun og i inn- og uthus. Det må då vere på orden og stell. Her kjem det framandt folk langveges frå, og kva må dei ikkje tru og kva må dei ikkje tenkje om her ikkje er på stell.
«Ein køyrde rundt med hengar med campingstolar i, så folk kunne få skyss frå tun til tun»
I Rivedal var det på stell. Ein av dei innfødde køyrde rundt med hengar med campingstolar i, så folk kunne få skyss frå tun til tun. Det var kan hende ikkje etter føreskriftene, men det skjedde med andakt og kom godt med for aldrande og tungføtte folk. For mange var det ein ukjend stad. Etter som haustkvelden mørkna, viste ein ikkje kor ein var, og enno mindre kvar ein skulle. Kartet var bere skjønleg for dei som ikkje slikt trong, det vil seia folk som var oppvaksne og kjende der. Men ein kom både fram og attende og fekk sett og høyrt kva ein ikkje hadde tenkt at ein skulle sjå eller høyre, og det kan vere at den store opplevinga ventar nett der i det uventa.
Er det så at det er noko særs med folk i Dale og Fjaler? Dei ville truleg ha tykt at svaret burde vera ja, men det er betre enn som så. Dei er høgst vanlege i sit mangfald og lever i eit samfunn som er så tett og gjennomsiktig at ein ikkje skjemdalaust kan sno seg klar frå forpliktinga til kvarandre. Då trengst det ikkje noko overhendig interesse for teater eller kva det no skulle vera, men at det er nokon som set i gong noko det er råd å samlast om. At det er nokon som lagar ein glugge der det er råd å stikka hovudet ut or kvardagen. Så det er råd for koret å få sunge ei uendeleg lang Sinclar-vise og korpset får brukt uniformene og instrumenta sine.
Men det som er mest imponerande, er oppryddinga, farten og presisjonen når alt skal på plass att. Det lånte skal attende. Telta ned, borda og stolane i hus og tallerkenane på plass i hylla. Ein er ikkje ferdig før det er ferdig og siste bås og sneip er teken. Det er omsorga og omtanken ein merkar i det som vert gjort. Det er her den varmhjarta soliditeten syner seg, i spørsmålet: «Vil du ha med deg ei vaffle i lomma?». Det kunne stå som eit slagord og merkje for heile tilskipinga. Eg trur at ingen som var der som gjester, aktørar og dugnadsfolk, var nistelause då dei for.
