Solveigs salt

Flyktande ungdom

Overtrente idrettsstjerner treng nye rollemodellar.

Då eg sette meg ned framfor storskjermen for å sjå verdsmeisterskapen i friidrett, var det i von om å bli løfta opp av den felles triumfen som blei heile nasjonen til del den tid Jakob Ingebrigtsen vann alle dei løp han var med i. Karsten Warholm skulle flyga uhindra over hindera og Sander Skotheim skulle vinna i tikamp. I staden blei eg sitjande og trøysta meg med at det viktigaste er ikkje å vinna, men å delta.

Du må være abonnent for å lese denne artikkelen

Solveigs salt

Heltinne­his­to­rier

Sarah Chauncey Woolsey var fødd i Ohio i 1835. Ho var pen og flink og hadde god allmennutdanning og mange vener. Nokre år etter den amerikanske borgarkrigen gav ho seg til å skriva bøker for ungdom under pseudonymet Susan Coolidge. Sjølv om det berre var noko ho dreiv på med ved sida av alt det andre ho gjorde, nådde dei vidt utover landegrensene, og her i Noreg kom dei ut i mange opplag. Det særeigne med desse bøkene er mangelen på dramatikk. Bortsett frå ei fatalt uhell som nær hadde gjort hovudpersonen Katy lam for livet, handlar dei nesten berre om å gå på besøk og ta imot gjester i eit naturskjønt Amerika der styresettet er upåklageleg og jernbane, postvesen og telegraf fungerer perfekt. Iblant dukkar det opp folk som er dumme og masete og urettferdige, men aldri verre enn at smarte jenter kan ordna opp med ei hand.

Strålande auge

Dei heidenske heltedikta frå norrøn tid er makabre som splatterfilmar, med lidenskap på avvegar og såpeoperaaktige kjærleiksintrigar. Men det personlege står sterkare, og det blir ofte halde rekneskap over kven som har ansvaret. Brynhild er ulukkeleg gift med Gunnar, som er besteven med Sigurd, den einaste ho nokon gong har elska. No har han eit heitt erotisk samliv med Gudrun, og for å gjera vondt verre bur dei vegg i vegg, slik at Brynhild kan høyra det «når Gudrun i seng gjeng med Sigurd». Det finst berre ei løysing: Sigurd må drepast, og Gunnar må gjera det. Elles vil Brynhild skilja seg og ta med seg alt det dei eig saman. Gunnar synest det er eit fælsleg krav, og meiner å vita at det aldri tidlegare har hendt at ei kvinne vende seg bort frå mannen sin på det viset. Men for ikkje å mista henne går han motvillig med på dette nidingsverket.

Viking­sex

I høve flyttinga av Osebergskipet sender NRK mykje stoff om vikingtida, såleis òg i Ekko no på onsdag. Men då det blei sagt at kvinnelege trælar var utan rettar, og at det var fritt fram for kven som ville å utnytta dei seksuelt, forvandla sendinga seg til eit jomfrunalsk ekkokammer for populære vrangforestillingar. For historiene om vikingvaldtekter er dikta i nyare tid, akkurat som skrønene om kyskheitsbeltet. Den norrøne overleveringa er meir interessert i jenter som veit å bita frå seg, som Melkorka i Laksdølasoga, som var så stolt at ho avanserte frå slave til frue på eigen gard. Gulatingslova har eit eige avsnitt for ugifte kvinner som får barn. Prinsippet er at den skal vera barnefar som mora seier at er det. Dersom ho er træl og han er fri, skal tinget «stemna han til kravsmål til å taka imot barnet».