Film

Vitnemål frå avgrunnen

Palestinarar fortel ufortalte historier frå Gaza i den ­imponerande filmsamlinga «From Ground Zero».

Under dronane: Ein onkel prøver å finna Omar, niesa Nours far og sin eigen bror, i ruinane. «No Signal» er ein av filmane i «From Ground Zero». Foto: One World Film FestivalUnder dronane: Ein onkel prøver å finna Omar, niesa Nours far og sin eigen bror, i ruinane. «No Signal» er ein av filmane i «From Ground Zero». Foto: One World Film Festival

From Ground Zero – Untold Stories from Gaza

(2024, Palestina, Frankrike, Jordan, Qatar)

Produsent: Rashid Masharawi

22 kortfilmar, fleire regissørar

Kortfilmsamling/ 1t. 55min./ Cinemateket Oslo fredag 12. september

Den unge, lys levande Abed står på kanten av eit bombekrater likt dei vi etter kvart har sett tallause av frå Gaza. Det er dag og stille. Han ser tankefullt ned i holet, fylt av armeringsjarn, sprengde betongblokker og alskens restar av ein bygard. Dette er holet Abed vart hala levande ut av. Eit mobilopptak frå bergingsaksjonen tar oss tilbake til den intense natta der friviljuge grav ut Abed, som er fanga i massar heit opp til haka. Berre centimeter unna ansiktet hans ser vi hovudet til den døde Khalil, Abeds jamgamle søskenbarn og næraste ven gjennom skoleåra. Abed kjem heilskinna opp, men har ikkje før vakla frå åstaden før alt blir svart, og han igjen hamnar under ruinar – ikkje berre ein gong, men to gonger til i løpet av eit døgn. Den siste eksplosjonen tok livet av foreldra, søstera og familien hennar.

Du må være abonnent for å lese denne artikkelen

Film

Film

The Devil Wears Prada 2

«The Devil Wears Prada 2» retter et kritisk blikk mot dagens digitale medievirkelighet, men er samtidig fylt av kjente motepåvirkere.

Film

Gaza

Ein poetisk 2019-rapport frå Gaza får ny meining i dag.

Serie

The Pitt

Den umåtelig populære sykehusserien «The Pitt» er både veldig god og veldig overforklarende.