Solveigs salt

Manndoms­prøve

Ingmar Ingmarsson var berre passivt medlem i patriarkatet.

I romanen «Jerusalem»av den svenske nobelprisvinnaren Selma Lagerlöf er hovudpersonen det førebels siste leddet i ei traust bondeslekt der arvingen alltid har heitt Ingmar. Alle saman har hatt tjukk underleppe, kvite augebryn og raudgrått hår, og den noverande Ingmar har attpåtil arva den tunge kroppen og det søvnige fjeset til mor si. Den respekten som følgjer Ingmarssønene, gjer han likevel så attraktiv at den lokale riksdagsmannen, ein høg og pen kar, gjerne ville ha bytt utsjånad med han for å bli ein mann av hans slekt. For å koma så nær han som råd, har han gjeve han dotter si, Brita.

Du må være abonnent for å lese denne artikkelen

Solveigs salt

Viking­sex

I høve flyttinga av Osebergskipet sender NRK mykje stoff om vikingtida, såleis òg i Ekko no på onsdag. Men då det blei sagt at kvinnelege trælar var utan rettar, og at det var fritt fram for kven som ville å utnytta dei seksuelt, forvandla sendinga seg til eit jomfrunalsk ekkokammer for populære vrangforestillingar. For historiene om vikingvaldtekter er dikta i nyare tid, akkurat som skrønene om kyskheitsbeltet. Den norrøne overleveringa er meir interessert i jenter som veit å bita frå seg, som Melkorka i Laksdølasoga, som var så stolt at ho avanserte frå slave til frue på eigen gard. Gulatingslova har eit eige avsnitt for ugifte kvinner som får barn. Prinsippet er at den skal vera barnefar som mora seier at er det. Dersom ho er træl og han er fri, skal tinget «stemna han til kravsmål til å taka imot barnet».

Manneliv

På nittenhundretalet breidde det seg teikning i aviser og vekeblad av ein steinaldermann som klubbar ned ei kvinne og dreg henne inn i hola etter håret. Det er eit nøyaktig avtrykk av forskremde menns ærefrykt for brutale bøller, men grovt misvisande når det gjeld livet i førhistorisk tid. Ingen holemaleri viser menn som klubbar ned kvinner. Og barna til ei mor med hjerneskade har ingen overlevingsfordel i eit samfunn utan trygdevesen. Likevel har dette biletet blitt ståande som den harde sanninga, og evolusjonsbiologien har ikkje gjort noko for å korrigera det. Tvert om har det blitt underbygt av ein tilsynelatande vitskapleg påstand om at fordi mannen har så mange sædceller, er det hans natur å spreia dei over så mange kvinner som råd utan å involvera seg emosjonelt. Fordi kvinna har så få eggceller, er det hennar natur å halda seg heime og bøya seg audmjukt for makta til mannen.

Hor og straff

Den nittande februar 1839 kom lensmannen med to vitne til Peder på Nevland i Gjesdal for å krevja inn dei nitti spesidalarane han var dømd til å betala ekskona Sofia fordi ho ikkje orka vera gift med han lenger. Med sakskostnader på ti spesidalar i tillegg tilsvarte det prisen på minst tolv kyr. Så mange pengar hadde Peder ikkje, så lensmannen tok beslag i husdyr og innbu. Alt saman blei omhugsamt ført til protokolls, derfor veit me at han berre hadde sju kyr, og at to av dei heitte Pelekana. Dei fem andre heitte Knaprei, Sølvros, Lindokka, Flinkeros og Rosa. Namna på dei åtte mennene som var utnemnde til å fastsetja vederlaget, er òg skrivne ned. Peder hadde sjølv godkjent dei, og hadde nok aldri sett for seg at alle saman skulle stilla seg bak Sofia.