I dag arrangerer partiet Norgesdemokratene møte om det dei kallar remigrasjon. Ordet er dei siste åra blitt høgfrekvent på ytste høgre flanke i Europa. I mai arrangerte aktivistar med bakgrunn frå det italienske regjeringspartiet Fratelli d’Italia ein internasjonal remigrasjonskongress i Milano. I juli demonstrerte aktivistar frå identitære rørsla (IB) for remigrasjon i Wien. Verken kongressen eller demonstrasjonen utmerkte seg med å ha spesielt mange deltakarar. Men det kontroversielle slagordet, og aktivistanes eiga intense promotering av arrangementa i diverse sosiale medium, har vekt oppsikt. No har kampanjen også kome hit.
Du må være abonnent for å lese denne artikkelen
Allerede abonnent? Logg inn