Medieverda er i sterk endring. Ei uro har meldt seg i etablerte maktkrinsar. Redaktørstyrte massemedium vert utfordra som informasjons- og kunnskapskjelde. Det dreiar seg om ikkje noko mindre enn kontroll med den mediale infrastrukturen – faren for at dei tradisjonelle massemedia misser hegemoniet i å «lage folkemeining», for å bruke ein enkel term om opinionsdanning, alternativt: indoktrinering, manipulering eller hjernevasking.
Den folkelege formuleringa om å lage folkemeining kom eg over i eit brev i Arbeidernes arkiv og bibliotek, datert like før Nato-landsmøtet til Arbeidarpartiet i februar 1949 då den utanrikspolitiske kursen skulle leggast heilt om. Det var under den tidlege kalde krigen at einsretting av opinionen retteleg tok av i norske massemedium, særskilt om verdssituasjonen og internasjonal politikk. Verdsbildet og optikken til nordmenn flest skulle støypast om i samsvar med kursendringa.
Redaktørstyrte medium var hovudreiskapen i omlegginga av sosialiseringsprosessen på dette feltet. Internasjonale pressebyrå med vestleg vinkling var hovudleverandørar. I neste fase skjedde seleksjon og siling av stoffet i norske redaksjonar.
Allereie på landsmøtet til Arbeidarpartiet i 1920 hadde den då revolusjonært innstilte partisekretæren Martin Tranmæl poengtert indoktrineringspoenget i den tids hovudmedium: «Redaktørstillingen er den mest utprægede politiske tillidsstilling inden Det norske arbeiderparti; det har altid været slik og vil altid bli det.» Året etter inntok Tranmæl sjølv posisjonen som redaktør i partiets hovudorgan, ei stilling han framleis hadde i 1949. I 1920 indoktrinerte han lesarane om den heilage revolusjonsvegen til sosialisme og medlemskap i Komintern; i 1949 marknadsførte han medlemskap i Nato – eit ikkje lite ideologisk rundkast på 30 år. I den saka skvisa han jamvel ut ein sjølvstendig, avvikande redaktør i arbeidarpressa, slik eg viste i Nytt Norsk Tidsskrift i 1997.
Så vil nokon innvende at dette var i partipressa si tid. No er det andre medietider med eit mangfald av kanalar og plattformer i kommunikasjonsprosessen, ein teig i sosialiseringsprosessen og ein av fire grunnleggande prosessar i alle samfunn, i symbiose med produksjons-, fordelings- og reguleringsprosessen. Noko av det nye er omseggripande sosiale medium, som mange redaktørar, politikarar og tilsette i tryggingstenesta ser ut til å frykte skal utfordre etablerte medium, desinformere og føre opinionen på villstrå. Det er ofte snakk om falske nyheiter. Ettersom eg sjølv ikkje er på slike medium kan eg ikkje vurdere gehalten i kritikken.
Men har våreredaktørstyrte massemedium på feltet internasjonal politikk etter den andre verdskrigen noko å rose seg av dersom idealet er objektiv kunnskapsformidling? I så fall ville historieforsking om dei emna som media er først ute med å selektere, filtrere og prege som portvaktarar – skriftleg, auditivt eller visuelt – ha vore overflødig. Min generelle påstand er at knapt ein einaste større internasjonal konflikt etter krigen har vore slik framstilt i leiande norske massemedium at det har stått seg mot påfølgjande historieforsking. Det som derimot har stått seg, er den journalistiske samtidspreginga av opinionen, det vitskapsteoretikaren Gadamer kalla verknadshistorie. Denne preginga er det som akkumulerer og avleirar relativt varige haldningar og ikkje minst viktig: perspektiv, eller briller å oppfatte verda gjennom. Det er det mediale samtidstrykket som når vidast og sterkast genererer folkemeining: «Kan en avis motstå det øyeblikkeliges makt og unngå å påføre nyhetene en kjensleladd tone?»
Forsking kjem etter journalistikken, ofte basert hemmeleghaldne kjelder når arkiv vert opna etter nokre tiår. Forskingsresultat om samtidshistorie når berre ein brøkdel av mediekonsumentane på saksfeltet, jamført med dei samtidige medieoppslaga og får følgjeleg mindre opinionsdannande effekt.
Eit lite tiår etter at Noreg slutta seg til Nato i 1949 vart det gjort opinionsundersøkingar om tryggingspolitikken. Sjølv etter fleire års indoktrinering i media om det gode, rette og sjølvsagde ved dette retningsvalet – der ein hadde forkasta alternativet om ein skandinavisk allianse, som synest å ha stått sterkast i folket – så var opinionen enno delt i to om lag like store delar, for og mot Nato-tilslutning. Også indoktrinering treng tid for å få gjennomslag; som i all pedagogikk krevst repetisjon, gjentak i ekkokammer. Eit betre prov på at voteringane om Nato på landsmøtet til Arbeidarpartiet og i Stortinget (1949) hadde vore lite representative for folkemeininga, kan vanskeleg finnast enn denne jamstore todelinga i opinionen fleire år seinare.
Ikkje mindre interessant enn dei sensasjonelle resultata, kjent lenge etterpå, er at målingane vart haldne hemmeleg i samtida, først oppdaga tiår seinare i eit amerikansk arkiv! Det truleg skuffande resultatet for oppdragsgivarane måtte ikkje nå ut til dei det gjaldt. Den avvikande halvparten frå offisiell politikk kunne kanskje bli uheldig påverka til å halde fast ved sine meiningar dersom dei visste kor sterkt dei stod. Underlagsmaterialet i målingane var truleg nyttige til meir effektivt å kalibrere pro-Nato-propagandaen via redaktørstyrte medium. Instansen som stod for desse undersøkingane i Kald krig-Noreg var amerikansk, rimelegvis med norske medhjelparar: United States Information Agency (USIA) var ein verdsomspennande propaganda-organisasjon, sjeldan omtalt i norske medium eller av forskarar. Hovudarbeidet om USIA er sjølvsagt heller ikkje omsett til norsk, også dét eit aspekt ved info-silinga og prosessen med å «lage» folkemeining. Brøkdelen av opinionen som skaffar seg forskingsinformasjon i tidsskrift og bøker på engelsk frå internasjonale forlag er venteleg på promillenivå. Redaktørstyrte medium har hatt monopol som portvaktarar for sosialiseringsprosessen om verdssituasjonen.
«Godt samla, som var dei ein lemenflokk, vakta mediekorpset imaget til vår allierte»
Ein frittalande amerikansk Nato-tilsett formulerte seg på 1990-talet om den sivile oppgåva til alliansen, indoktrineringsprosessen for nye medlemsland: «We’re enmeshing them in the Nato-culture, both politically and militarily so they begin to think like us and – over time – act like us.» Sitatet fangar indoktrineringsaspektet ved alliansen. Målet var å homogenisere tenking og handling. Hjelpemiddel: Nato-støypeskeia og opinions-formaterarane i norske medium var tenestevillige. Slik soft power og marinering i Nato-kulturen for å tenke amerikansk – samsosialisering i møteverksemd, kurs og seminar – hadde den norske utanrikspolitiske eliten, den mest allianse-lojale av alle medlemslanda ifølgje undersøkingar, vore eksponert for sidan det epokale året 1949. I 1989 uttalte forsvarsminister J.J. Holst at dersom Nato «skulle smuldre opp, ville Norge være den siste til å forlate det synkende skipet.»
Den labre norske oppslutninga om medlemskap i eit stormaktsblokk enno på 1950-talet endra seg utover 1960-talet. Årsakene var mange, konteksten nasjonal så vel som internasjonal, men her må synsvinkelen avgrensast til den medie-drivne sosialiseringa og ideologiproduksjonen. Dette var feltet Nato fokuserte på rådsmøtet i Paris i 1956. Ein komité av tre såkalla «vise menn», utanriksministrane i Canada, Italia og Noreg (Halvard Lange), fekk i oppgåve å ruste opp propagandaarbeidet i von om å betre oppslutninga om alliansen. Norsk offentlegheit fekk vite lite meir om komitéarbeidet enn om opinionsmålingane på 1950-talet, knapt anna enn det tabloide og nasjonalt smigrande i at ein av dei tre vismennene var norsk! Planleggingsarbeidet rundt om i medlemslanda varte eit knapt års tid, men mesteparten av tilrådingane var lenge konfidensielle. Indoktrineringa skulle siktast inn mot opinionsleiarar i sosialiserande formidlingskanalar som aviser – redaktørstyrte(!) – og skuleverk.
Betre kjent er det at utanriksminister Lange oppretta ein personleg kanal direkte til pressefolk som dekte saksfeltet hans – med vilkår om kva som kunne skrivast og ikkje. Partifellen hans, Reiulf Steen, har skildra korleis Lange med sin autoritet gjorde pressefolk på audiens til sine pudlar. Etter å ha nemnt det han kallar den massive og ukritiske støtta til Nato og USA i pressa, skriv Steen: «For eksempel arrangerte utenriksminister Lange […] noe så absurd som fortrolige pressekonferanser for redaktører i de viktigste avisene. Forutsetningen for at redaktørene skulle få informasjoner, var at de holdt dem for seg selv. Slik ble informasjonsplikten praktisert av mange redaktører under den kalde krigen.» Eg legg til: Ikkje på noko samfunnsfelt har skryteformuleringa om pressa som den fjerde (kontrollerande og overvakande) statsmakt overfor styresmaktene, vore meir misvisande enn på feltet internasjonal politikk og norsk utanrikspolitikk.
Eit døme på den sannsynlege effekten av redaktørstyrt folkemeining i aviser og NRK har vi frå den første såkalla mediekrigen, den amerikanske fasen av Vietnamkrigen frå om lag 1964. To år seinare vart oppfatningane om USAs rolle i krigen undersøkt i ein gallup. Spørsmåla var ikkje lite tendensiøs i vinkling og ordval. Dei gjekk på om respondenten var «takknemlig» for «amerikanernes innsats i Vietnam», eller om ein tok «avstand» frå «det de gjør der». Den største svarkategorien, 41 prosent, var «takknemlig», 30 prosent tok «avstand» om den såkalla innsatsen. På den tid fanst det knapt andre info-kjelder om krigen enn redaktørstyrte medium. Godt samla, som var dei ein lemenflokk, vakta mediekorpset imaget til vår allierte. Ein av få medieforskarane på den tid, Einar Østgaard, viste til samanhengen over lang tid, amerikansk slagside i straumen av nyheiter: «De folk som steller med nyhetene har i fem, ti, femten, kanskje tjue år vært opptatt med å fortelle hvor hederlige amerikanerne er, hvor viktig det er det de gjør for oss.» Han sikta sjølvsagt til redaktørstyrte medium – aviser og NRK.
Ein av portvaktarane i pressa kom eg sjølv i konflikt med på 1970-talet. Dømet gjeld dekninga av Vietnamkrigen i norske aviser, temaet for mitt første forskingsarbeid. Eg hadde lese kvart eit ord på redaksjonell leiarplass om denne krigen i nokre større aviser i ein fireårsperiode – ei sjokkarta oppleving – og studert utanriksdebattar i Stortinget som del av tekstanalysen. Dette i tillegg til å ha sett meg inn Vietnams historie, koloniperioden under Frankrike og USA-fasen av krigen som del av landets utanrikspolitikk. Skulle eg som fersk lektor på Bryne gymnas våge meg til ei ytring om dekninga av emnet i landsdelens storavis, Stavanger Aftenblad?
Ytringa stod i lesarspalta (3. april 1975) under headingen «Aftenbladet og Vietnam». Kanskje hadde den gått under radaren i hovudredaksjon, men allereie dagen etter kom avrettinga frå utanriksansvarleg Sverre Maaland, titulert «Pompøs arroganse». Oppsettet var autoritativt utrusta typografisk, innramma og med foto av redaktøren, som spelte raus og ville spare meg for «ubehaget ved straffeforfølgningen». Det var visst kriminelt å kritisere USA. Krigføringa til vår allierte – som hadde sleppt fleire bombetonn over Indo-Kina enn det som vart brukt på alle arenaer under heile den andre verdskrigen, inkludert napalm, splintbomber og sprøytemiddel – omtalte han, som vanleg var og enno er i norske medium og jamvel av forskarar, med ein eufemisme: det «amerikanske engasjement». Ifølgje Maaland hadde USA komme for seint og med for lite våpenkraft til å unngå nederlaget. «Engasjementet» til vår allierte kosta kanskje tre millionar menneskeliv i Indokina.
Eg sende eit svar, men redaksjonsmakta stengde porten. Så skjedde noko overraskande: Eg mottok eit maskinskrive brev på nær fire sider frå Maaland, datert 11. april 1975, gjennomsyra av faderleg omsorg. Han forstod at «De forsøker å forsvare Dem» i «Deres nye innlegg». Han såg visst på meg som ein farleg politisk pyroman, ville berre gjere meg ei velgjerning, ta frå meg fyrstikkene. Lesarane av Stavanger Aftenblad fekk aldri vite kvifor det ikkje kom svar på nedsablinga hans.