17. juli
Argentina Ein gong var eg i Argentina då dei to store fotballklubbane River Plate og Boca Juniors skulle spele mot kvarandre. Eg ville gjerne reise for å sjå kampen, men eg fekk ikkje tak i billettar. Uansett vart det sagt at det ikkje var ein særleg trygg stad å vere, så kanskje det var like greitt. Eg fekk likevel oppleve stemninga i gatene i Buenos Aires etter at Boca Juniors hadde vunne, og det var ei spesiell oppleving.
Fram til no har England alltid vore det laget eg har heia på når Noreg ikkje har vore med i fotballmeisterskapar. Det er eit flott land, som eg har vitja mange gonger, og eg likar engelskmenn. Det har nok likevel handla mest om at England er eit tragisk lag, og at det appellerer til meg.
Aleksander Åsnes