Knut Martin Fylkesnes (Professor Emeritus, Universitetet i Bergen.)
Seher Aydar, Raudt sin representant i Helse- og omsorgskomiteen, har 29. april eit innlegg der ho refererer til min kronikk i Klassekampen 22. april om den styrelause private tannlegemarknaden. Vi ser ut til å vera rimeleg godt samde om dei store utfordringane innan oral helsepolitikk, at dei har rot i manglande offentleg styring av ein marknad som utgjer 72 prosent av odontologisk verksemd. Vår felles referanse er innstillinga frå Tannhelseutvalet (NOU 2024: 18) som føreslår ei omfattande reformer.