Palestina 28. mai
Tar norske kyrkjeleiarar utfordringa? «Kaller sine trosfeller til kamp». Dette var overskrifta på intervjuet med den sørafrikanske presten Frank Chikane i Klassekampen fredag 23. mai.
Chikane var sentral i kampen mot apartheid i Sør-Afrika. Han fungerte som kanal for pengestøtte frå norske myndigheiter til kampen mot apartheidregimet, og norske prestar som for eksempel biskop emeritus Atle Sommerfeldt smugla inn pengar, gøymt under presteskjorta.
Chikane har i dei siste åra brukt sine erfaringar frå Sør-Afrika i arbeidet mot okkupasjonen i Palestina, og han er no i Noreg og manar kristne til kamp for rettferd i Palestina.
På 1980-talet stilte trusfeller frå heile verda opp da Chikane kjempa mot apartheidregimet i Sør-Afrika. Chikane seier at no har dei kristne plikt til å stå opp mot Israels apartheidpolitikk på same måte.
I appellen i Oslo Domkyrkje sa han mellom anna at vi ikkje kan vere passive i møte med urett, tru krev handling.
Han utfordrar kyrkjeleiarar til å reise til Gaza, slik dei på 1980-talet reiste til Sør-Afrika.
Etter mitt syn er det er vel og bra at bispemøtet har tatt til orde for «å auke presset mot den israelske regjering for å få slutt på det som framstår som intensjonell etnisk rensing». Men det er ikkje nok! Tar norske kyrkjeleiarar utfordringa frå Chikane om handling? Reiser dei til Gaza og viser praktisk solidaritet?.
Oddrun Remvik