Klassekampen melder at Oslo Pride vil verte ein eigen organisasjon, utan koblingar til Foreningen Fri. Dan Bjørke, dagleg leiar i Oslo Pride, er sitert i Klassekampen med følgande observasjon: «Det skal bli spennende å se ha slags argumenter mot pride som dukker opp hvis de ikke kan bruke Fris politikk som argument».
Eg kan opplysa om at her har me allereie fått svaret.
Tidleg i år sende Jæren Pride – ein lokal, sjølvstendig organisasjon, ikkje kopla til Fri på nokon måtar – ut eit verdidokument til dei lokale partilaga. Kristeleg Folkeparti sitt lokallag i Time stemte for å vise støtte og signerte dette dokumentet.
Umiddelbart etter at dette vart kjent, gjekk Dag-Inge Ulstein ut i media og dolka dei som hadde skrive under i ryggen. Han nytta og høvet til å snakka direkte usant om kva Jæren Pride stod for og kopla gruppa til Fri. Han haldt fast på denne koplinga sjølv etter å ha blitt informert om at Jæren Pride var og er ein uavhengig organisasjon. Dag-Inge Ulstein og leiarskapen i KrF står, så vidt meg bekjent, enno fast på dette, sjølv om dei ikkje kan svara på kva det er i det aktuelle verdidokumentet dei er usamde i.
Korleis Oslo Pride skal organiserast, kven dei samarbeider med og kven dei ikkje samarbeider med, er opp til dei. Problemet med Jæren Pride, Oslo Pride, Stavanger på Skeivå, Bergen Pride og så vidare, er ikkje ordet «pride» og heller ikkje organisasjonen Fri; det at lesbiske, homofile, bifile og transpersonar eksisterer i det heile, og vågar å visa det. Og det kjem faktisk ikkje til å endra seg. Pride-markeringane kjem alltid til å vera for politiske, for grove, for høglydte, for upassande, for eit eller anna.
Dag-Inge Ulstein og andre «kritikarar» kjem fyrst til å vera nøgde når heile konseptet ikkje eksisterer lenger, og alle sodomittane har blitt pressa tilbake i skapet att.
Eg er gamal nok til at eg vaks opp i det samfunnet dei vil ha. Sorteringssamfunnet der homofile og lesbiske ikkje kan gifta seg, ikkje leva saman, ikkje elska, ikkje pusta; der alle rett nok er syndarar, men nokon er så mykje syndigare enn andre. Der den einaste utvegen somme tider kjennest ut til å vera å leva ei løgn, eller å døy.
Dei i Time KrF som stemte for og skreiv under på dokumentet som støtta Jæren Pride, våga å visa aksept for skeive. Og det er ei synd som Dag-Inge Ulstein og leiarskapen i KrF ikkje kan tola. Dei fortener eit betre parti, og ein betre leiar.
Eg ynskjer Dan Bjørke og Oslo Pride alt av hell og lukke. Men om dei høyrer inn under Fri eller ikkje, har ikkje noko å seie. Problemet er, og har alltid vore, at me er så frekke at me lever.