Tenk deg at barnet ditt vert mobba, og at skulen ikkje vil setja i verk tiltak som fungerer, trass pålegg frå statsforvaltaren. Eller at naboen krev vegrett over din eigedom. For å hevda din rett, går du til ein advokat. Advokaten brukar ti timar på å setja seg inn i saka og skriva eit brev til kommunen eller til naboen. Rekninga kjem på 52.000 kroner.
Dette er ikkje hypotetisk. Tala er henta frå ei vegsak eg var involvert i. Den som fekk rekninga, kasta korta og innsåg at det vart alt for dyrt å bruka advokat. Samla sakskostnadar i ei rettssak ville heilt sikkert koma på over 300.000 kroner. Tapte ein vegsaka og måtte dekka motparten sine sakskostnadar, snakka ein om minst 600.000 kroner. Og vart saka anka til lagmannsretten, ville dei samla sakskostnadane for begge partar koma på godt over 1 million kroner.
Har du råd til å krevja eller forsvara dine rettar i ein domstol om kostnaden kan koma på godt over ein million kroner? Det er det få som har. Medan Noreg har den nest beste rettsstaten i verda, ligg landet på 14. plass når det gjeld tilgang til domstolane. Vi kan altså smykka oss over å leva i ein usedvanleg god rettsstat. Men må du gå til sak fordi barnet ditt vert mobba på skulen, eller fordi naboen køyrer over eigedomen din, så opplever du at rettsstaten er klassedelt.
Det har aldri vore billig å forsvara sine rettar i ein domstol. Men kostnaden på advokattenester har auka monaleg. I perioden 2009 til 2018 auka sakskostnadane i norske domstolar med 39 prosent i saker mellom privatpersonar og 96 prosent i saker mellom føretak. Justisdepartementet meiner at berre sidan 2018 har det vore ein ytterlegare auke på 20 prosent.
Denne kostnadsauken skuldast ikkje at det finst få advokatar i Noreg. Talet på advokatar er faktisk heilt på gjennomsnittet i Europa. I perioden med stor auke i kostnaden på advokattenester har faktisk talet på advokatar og advokatfullmektigar auka heile 25 prosent. Likevel er det berre i Sveits, der gjennomsnittsløna er dobbelt så høg som i Noreg, at advokatar tener noko meir.
I staden er det truleg den oljesmurte økonomien, og at norsk næringsliv generelt går godt, som er årsaka til at få av innbyggjarane har råd til å krevja eller forsvara sin rett i domstolane. Det som har skjedd, er enkelt og intrikat på ei og same tid. For kapitalsterke aktørar har drive opp kostnaden for advokatar i dei store firmaa som arbeider med store transaksjonar. Dette har fyrst ein smitteeffekt på dei andre advokatane i dei same store firmaa, som arbeider med mindre føretak eller privatpersonar. Deretter aukar timeprisen til advokatar i mindre firma og som arbeider åleine. Logikken er at kvifor skal ein advokat på Hamar med like gode karakterar frå jusstudiet som ein partnar i eit stort firma, tena mange, mange tusen kroner mindre i timen?
Der er altså for enkelt å hevda at den klassedelte rettsstaten skuldast grådige advokatar. I staden er det altså eit samvirke mellom økonomiske og sosiale faktorar i ein uregulert marknad. Det er dette med ein uregulert merknad ein må ta tak i om ein ønskjer likskap i rettsstaten. Når til dømes husprisane har gått opp, så har det utløyst ein politisk debatt, som igjen har utløyst ulike tiltak. Utgiftene ved å forsvara sine rettar i ein domstol har derimot auka utan politiske tiltak. Dette har mange uheldige konsekvensar.
Likskap for lova er eit grunnleggjande prinsipp i rettsstaten. Men det å gje like rettar i lov er ikkje nok. Innbyggjarane må òg ha same mogelegheit til å krevja eller forsvara rettane sine i ein domstol for at det skal vera reell likskap for lova. Då er det eit problem at domstolane fyrst og fremst er tilgjengeleg for dei med stor kapital eller stor risikovilje.
Når det ikkje er likskap for lova, gjeld den sterkaste sin rett. Kommunen kan satsa på at det er så dyrt å gå til sak at den ikkje treng å setja i gang effektive tiltak mot mobbing. Naboen som krev vegrett, kan satsa på at etter ti timar med advokathjelp til ein pris av 52.000 er du tilstrekkeleg møyrna til å tillata at han køyrer over eigedomen din.
Din rettstryggleik er altså i fare fordi det er å dyrt å gå til sak for domstolane i Noreg. Samstundes står rettsstaten i fare for å måtta vika plass for den sterkaste sin rett. Men det er enno meir som står på spel: Tillitssamfunnet står i fare.
I Noreg har vi usedvanleg høg tillit til institusjonar og til kvarandre. Stort sett har mellom 80 og 90 prosent av alle innbyggjarar i Noreg tillit til ulike institusjonar eller til dei andre samfunnsmedlemmane. Dette er ikkje fordi alle i Noreg meiner innhaldet i Stortinget sine lover, i alle politihandlingar eller i alle medieoppslag er godt, eller at alle andre innbyggjarar er gode menneske. Det er fordi innbyggjarane trur at skulle dei verta utsett for urett, kan dei forsvara rettane sine, om nødvendig i ein domstol. Dette stemmer altså ikkje lenger. Kva skjer med då med tillitssamfunnet?
Manglande tilgang til domstolane er òg eit demokratisk problem. I eit demokrati har domstolane viktige kontrolloppgåver. I Noreg skal dei kontrollera at verken dei folkevalde eller forvaltninga misbrukar makta si. Om folk føler at domstolane berre er til for dei rike og risikovillige, bryr dei seg ikkje om at domstolane vert mindre sjølvstendige og kontrollevna deira svekka. Då vert det meir maktmisbruk, korrupsjon og nedbygging av demokratiet gjennom til dømes manipulasjon med valreglar. Berre sjå på kva som føregår i USA akkurat no.
Eit viktig tiltak for å betra på situasjonen, ville ha vore å setja innbyggjarane i stand til å finna fram til kva som er lov og rett. I utgangspunktet er Noreg godt stilt gjennom Lovdata. Her vert alle lover, forskrifter og ein del dommar lagt ut. Men det er to problem.
«Når det ikkje er likskap for lova, gjeld den sterkaste sin rett»
Slett ikkje alle kjelder til lov og rett vert lagt ut på Lovdata slik at dei er tilgjengelege for alle. Leitar du på Lovdata på kjelder til spørsmålet om naboen kan krevja vegrett over din eigedom, ligg over halvparten av dei bak ein betalingsmur. For å få tilgang til alle kjelder til lov og rett, må du betala 7500 kroner i året. Alt her byrjar du å vurdera å gå til advokat likevel.
Betalar du 7500 kroner, får du tilgang til 3526 kjelder til lov og rett om vegrett, mot 1665 om du ikkje betalar. Problemet er korleis du skal finna fram mellom alle desse kjeldene? Lovdata gjev deg – i alle fall enno – lite hjelp. Då er spørsmålet om det ikkje likevel er like greitt å gå til advokat.
Lukkelegvis finst ordningane som skal gjera at du kan krevja eller forsvara din rett utanfor domstolane, og slik unngå ei høg advokatrekning. Problemet er at ordningane, som forliksrådet eller ulike nemnder som Pasientskadenemnda, ikkje har same rettstryggleiksgrad, og at ein gjerne må bruka advokat likevel. Kort fortalt har den klassedelte rettsstaten dermed innhenta dei ulike konfliktløysingsorgana som skulle gje rettstryggleik utanfor domstolane. Dermed er ein om lag like langt.
Sett på spissen kan ein seia at med framveksten av den klassedelte rettsstaten vert samfunnskontrakten broten. Essensen i samfunnskontrakten er at innbyggjarane betalar skatt, held lov og rett og elles oppfyller sine plikter mot staten, mot at den same staten mellom anna sikrar dei høve til å krevja eller forsvara sine rettar uavhengig av maktforhold i samfunnet. Då vert alle like for lova. Slik er det altså ikkje.
Samstundes er det påfallande enkelt å retta på dette og slik styrka rettsstaten, tillitssamfunnet og demokratiet. Jusstudentane ved Universitetet i Oslo har gjort tilgjengeleg ein Justitiabot som kan gje enkle svar på juridiske spørsmål for dei som vil betala eit abonnement på 49 kroner i månaden. Lovdata har lova å lansera noko liknande. Men kvifor har det ikkje kome politiske initiativ til å laga ei juridisk chatbot som kan vera ei fyrstelinjeteneste som gjev innbyggjarane eit innleiande svar og oversikt over dei mange juridiske spørsmåla som kan oppstå i folk sin kvardag? Det jusstudentar kan klara, må vel staten kunna klara utan alt for store kostnadar?
I Noreg har det nesten vore tabu å snakka om å regulera advokathonorar gjennom lov. Men i Tyskland gjorde ein nettopp det i 2004. Den tyske reguleringa er ikkje særleg god. Men likevel har den vore med på å leggja ein dempar på kostnadsutviklinga. I Danmark har domstolane sjølve laga rammer for kva advokatar kan krevja i sakskostnadar for ulike sakstypar. Det er ingen grunn til å ikkje prøva ut i Noreg det som kan fungera i Tyskland og Danmark.
Domstolane har sidan 2008 hatt dei nødvendige verktøya til å avgrensa omfanget av saker, og dermed kostnadane. Det kan domstolane ikkje minst gjera gjennom å konsentrera krav og vitneførsel om det sentrale. Ingebrigtsen-saka, som går over sju veker i staden for tre–fire dagar, er eit grelt døme på manglande domstolsstyring som gjer at kostnadane kjem ut av kontroll. Trass prisverdige tiltak i einskilde domstolar, har domstolane generelt vore altfor forsiktige med å ta i bruk dette viktige verktøyet for å reversera utviklinga av ein klassedelt rettsstat.
Problemet med den klassedelte rettsstaten vart tatt opp i Domstolskommisjonen si andre utgreiing frå 2020, i Hurdalsplattforma frå 2021, og i Juristforeininga si rettsstatsmelding frå 2024. I 2024 fekk Domstolsadministrasjonen, Advokatforeininga og Juristforeininga laga ei tilråding med tiltak for å letta tilgangen til norske domstolar. Problemet er at det skjer lite, og det som skjer, er ikkje sett inn i ein rettsstatssamanheng, men er knytt til andre omsyn som effektivitet og kostnad. Dette set rettstryggleik, rettsstat, tillitssamfunnet og demokratiet i fare.
