Hama
Produksjonen begynner å bli ganske stor. Eg veit ikkje kor mange perler som har gått med, men tida ser ikkje ut til å renna ut for Hama-perler. Her på kontoret heng det to perlebamsar i raudt og gult, fleire hjarter og nokre Pokémon-ballar. Alt utført av små barnehender i barnehagen.
Perlene frå Hama har nok funne vegen inn i dei fleste småbarnsheimar. Dei finst i alle regnbogens fargar, og endå fleire fargar enn det, er på kring to millimeter og har eit hol gjennom seg, som gjer at dei kan plasserast på eit brett før strykejernet smeltar dei saman.
Kor starta dette perleeventyret, dette industrieventyret som har sett preg på barndommar i fleire tiår?
Jo, det starta i Danmark. Malte Haaning starta fabrikken Malte Haaning Plastic A/S i 1961.
Holly