DebattMelkøya

Nytt, stort klima- utslepp frå Arktis?

Det er fleire grunnar til at Melkøya-utbygginga må stansast. Prosjektet er forventa å gi nye globale klimautslepp på til saman 152,1 millionar tonn CO2. Det opplyste Olje- og energidepartementet i ein rapport i 2023, samtidig som statsminister Støre presenterte Melkøya-vedtaket. På Melkøya ligg Noregs einaste fullskala anlegg for kraftkrevjande produksjon av flytande gass (LNG). Ifølgje departementet er utbygginga forventa å yte 55,1 milliard standard kubikkmeter salsgass i alt, tilsvarande eit nytt, mellomstort gassfelt på sokkelen. Gass frå Snøhvitfeltet skal gjerast flytande på Melkøya og skipast til kontinentet for brenning. FNs klimapanel har åtvara: Kvart tonn CO2 som blir slept ut, er med å auke den globale oppvarminga.

Du må være abonnent for å lese denne artikkelen

Debatt

Palestina

Våpenkvile

Palestinsk barndom eksisterer ikkje lengre. Vi har røva den bort. Det finst ikkje lengre skulefri og leikeplass, berre ruinar og dei ser på meg som støvete grå statuettar i Instagram-feeden min. Dei treng ikkje seie eit ord, for eg veit at dei har rett – vi har gløymt dei, vi har forlatt dei, vi har gitt dei opp. Palestinsk barndom finst ikkje lengre. For kva er vel ein barndom i bur, i teltleir, heilt åleine i verda? Våpenkvile sa vi, men ingen veit lengre kva det betyr, og traumene gir ekko langt inn i framtida.

Georgia

Russisk­vennleg tåke­leg­ging

Ragnar Skre har fått tre innlegg mot seg, som alle oppfattar at han formidlar eit russiskpåverka perspektiv både på Ukraina og Georgia. For å avvise dette, skriv han i motinnlegget «Å betvinge virkeligheten» at «Russisk maktbruk er reell. Men kompliserte konflikter kan ikke reduseres til ‘det gode mot det onde’». Igjen: det er ingen konflikt, men krig. Og for dei fleste er ikkje dette meir komplisert enn at vi greier å ta stilling for dei som er offer for russisk imperialisme. I denne konteksten blir Skres bruk av ord som komplisert og komplekst, og understrekinga av at «det finnes andre fortellinger», ei skadeleg tåkelegging av fakta som berre tener Russland. Spør du dei somfår liva sine øydelagt av russisk terrorbombing mot sivile mål, så vil nok dei meine at dette er vondskap sett i system.

Ki-briller

Meta­bril­ler og fotoforbud

Debatten går for fullt etter at SV-leder Kjersti Bergstø foreslo å forby de nye «smartbrillene» fra Meta, briller som blant annet kan fotografere og filme det bæreren av brillene til enhver tid ser. Det er en interessant debatt, som imidlertid må føres på riktige premisser. Hvis vi bare tar utgangspunkt i Meta-brillene som et kamera, er det ikke egentlig forskjellig fra mobiltelefoner eller andre dingser vi måtte ta bilder og filme med. I Klassekampen torsdag 2. juli, under tittelen «Forby bildene, ikke brillene», skriver Bjarne Jullum at «Det er ulovlig å filme og fotografere andre mennesker uten samtykke. Det står i loven. Vi trenger ikke en ny lov.» Det er nok ikke helt riktig. Vi har per i dag ingen generell regel som forbyr fotografering eller filming av andre mennesker.