Ungarn har kanskje ikkje vore det fremste føregangslandet for LHBT+-rettar, men det var trass alt ein ungarar som fann opp ordet «Homosexualität», i 1869. Men Ungarn framstår som eit heilt normalt europeisk land. Dei innførte forbod mot den nye seksualiteten i 1878, og avkriminaliserte han att i 1961. På dette området låg dei realsosialistiske landa i Aust-Europa gjerne nokre år i førekant av vesteuropearane. Lågalderen vart sett til 20 år, så 18 i slutten av syttiåra, så vart han likestilt med lågalderen for heteroar, 14 år, i 2002 etter ein dom i konstitusjonsretten. Allereie på åttitalet begynte det å sige ut filmar frå Ungarn med skeiv tematikk. Éin av dei beste var Károly Makk sitt drama Egymásra nézve («Another Way» på engelsk) frå 1982 som fortel fint og openhjarta om eit kjærleiksforhold mellom to kvinner.
Les hele Klassekampen på nett
Få nyhetene som setter dagsorden, analysene som betyr noe og stemmene som teller. Abonner i dag.
Bli abonnent