– Eg meiner norske styresmakter bør trekkje statsstøtta til russisk-ortodokse kyrkjelydar i Noreg, slik dei svenske styresmaktene har gjort i Sverige.
Det seier ukrainske Dmytro Ostanin, dagleg leiar i den russiskortodokse Kristi Åpenbaringsmenighet på Søreidgrend utanfor Bergen.
Han meiner den russisk-ortodokse kyrkja i Noreg har for tette band til patriarken i Moskva, Kirill, som er ein viktig støttespelar for Vladimir Putin. Kirill har blant anna omtalt krigen mot Ukraina som «heilag».
I fjor vår uttalte den svenske tryggleikstenesta Säpo at den russiske staten bruker den russisk-ordokse kyrkja i Sverige om ei plattform for å drive etterretning og annan tryggleikstruande verksemd. Som ein følgje av det trakk svenske styresmakter statsstøtta til kyrkjelyden.
Som døme på nære band mellom norske kyrkjelydar og Moskva peiker Ostanin på at Moskvapatriarkatet må godkjenne alle økonomiske disposisjonar over 50.000 kroner.
– Når Sverige har kutta statsstøtta på grunn av tryggleikstrugande verksemd, meiner eg Noreg bør gjere det same.
Sjølv går Ostanin inn for at kyrkjelyden i Bergen skal kutte banda til patriark Kirill og Moskva. Kyrkjelyden skal stemme over saka på ei generalforsamling 6. april.
Eigedomskjøp
Tidlegare i mars skreiv Klassekampen om at Hellige Olga Menighet i Oslo har kjøpt eigedommar i både Oslo og Arendal. Ostanin meiner at Oslo-kyrkjelyden har nær kontakt med kyrkja i Moskva:
– Fader Kliment innapporterar all verksemd i Oslo til Moskvapatriarkatet.
Ifølgje leiaren i kyrkjelyden, Juha Huhtamäki (Fader Kliment), er eigedomskjøp mogleg ved inntekter frå kollekt og private gåver frå medlemmane deira. Det trur ikkje Ostanin på.
– Det er ikkje mogleg å kjøpe eigedommar i Oslo og Arendal for kollekt og gåver. Her trur eg at statsstøtta har gått med til å finansiere eigedomskjøp.
Ostanin meiner det finst ein risiko for at norske kyrkjelydar som er leia av Moskvapatriarkatet, kan verte brukt strategisk.
– PST må vurdere kven av dei som kan verte brukt. Det er i alle fall heilt klart at kyrkja i Russland vert nytta av staten til å fremje Kreml sine interesser.
Mista titlar
Ostanin har vore open i sin kritikk av Russland si krigføring mot Ukraina, både etter annekteringa av Krym i 2014 og etter fullskalainvasjonen i 2022.
Standpunktet har ikkje vore utan kostnadar. Tidlegare var han både forstandar og prest i kyrkjelyden, men begge titlane tok Moskvapatriarkatet frå han i fjor vår. Årsaka var ifølgje Ostanin at han støttar Ukraina og er mot den russiske krigføringa.
– Den rettssaka var ein kafkaprosess, seier han.
Ostanin fortel at Moskvapatriarkatet kalla han inn til å møte i ein rettsprosess. I brevet vart han skulda for brot på den kyrkjelege kanon. Om det var Ostanin sine haldningar til krigen som var grunnen, skreiv kyrkja ikkje noko om.
Ostanin er likevel sikker på at det er den verkelege grunnen.
– Presteskapet i Russland støttar krigen. Kritikk mot krigen er ikkje populært.
Ostanin var sjølv ikkje til stades under rettssaka fordi han frykta å verte arrestert på flyplassen i Moskva. Han seier han føreslo å halde rettssaka på Teams, men at kyrkja avslo det, fordi at saka etter deira meining var «sensitiv».
«Det er tette band mellom Moskvapatriarkatet og FSB.»
— Dmytro Ostanin
Seinare vart Ostanin frådømt presteskapet. Avgjerda har han anka til patriarkatet i Konstantinopel, som har den øvste mynda i slike saker.
No er det ein annan prest som formelt held gudstenester, men Ostanin fortel at det har eit godt samarbeid.
Ifølgje Ostanin har kyrkjelyden vore splitta i synet på krigen, også ukrainarar imellom. Kyrkjelyden mista i underkant av 50 medlemmer etter fullskalainvasjonen i 2022, utan at Ostanin veit sikkert om det er på grunn av haldninga hans til krigen.
Framleis er det delte syn på invasjonen blant medlemmane, trur han.
Band til FSB
Det er skrive mykje i internasjonale medium om banda mellom den russiske kyrkja og den russiske etterretningstenesta FSB. Mange meiner patriark Kirill spreier Putin sin ideologi om russkij-mir, eller «russisk verd».
– Det er tette band mellom Moskvapatriarkatet og FSB, seier Ostanin.
Ostanin fortel at breva han fekk i samband med kyrkjerettssaka, var signert av domstolssekretær Alexander D. Mironov. Ifølgje Ostanin er Mironov forstandar i det som etter 2002 har vorte FSB sin eigen kyrkjelyd, Kyrkja for Sophia den Gudommelege Visdom.
Kyrkja ligg rett i nærleiken til Lubjanka-plassen. Der ligg òg det tidlegare hovudkvarteret til KGB, no hovudkvarteret til FSB.
Ostanin fortel at han etter rettssaka vart instruert av patriarkatet om å overføre kyrkjelyden og personopplysningar til ein prest frå Moskvapatriarkatet. Det avslo han, med ei tilvising til at Bergen-kyrkjelyden er ei sjølvstendig juridisk eining underlagd norsk lovgiving.
– Ei slik overføring ville utgjere eit brot på GDPR og ein tryggleiksrisiko for medlemmene, seier han.
Fader Kliment svarar
I ein e-post skriv Huhtamäki at «vår kyrkjelyd er ikkje med på å spre putinistisk krigspropaganda – eller annen type krigspropaganda for den del. Menigheten er ikkje med på å spre anskuelser om hellige Rus – eller om vestens dekadanse. Menigheten er dessuten først og fremst et norsk trossamfunn med skattebetalende medlemsmasse bosatt i Norge. Vi kan ikke stå i ansvar for hva Den russiske ortodokse kirke gjør i Russland. Eller i Afrika».
Om innblanding frå Moskvapatriarkatet i den daglege drifta, skriv han:
«Jeg opplever meg selv som fri til å holde fast ved Kristi lære og formidle det gode budskapet videre. Det er faktisk veldig fritt her. Vi har fått lov til å drive vår menighet i 28 år akkurat som vi vil, uten føringer fra kirkeledelsen. Jeg opplever ingen press fra øverste hold.»
Han fortel at han rapporterar til Moskva éin gong i året, via årsmelding og rekneskap. Vidare rapporterar han om søndagsskuleverksemd, religiøs opplysing og sosiale tiltak. Han kallar rapporteringa sporadisk, heller enn kontinuerleg: «Patriarkatet prøver ikke å styre innholdet, for eksempel søndagskoleundervisningen eller liknende, men er interessert i tørr statistikk.»
Vidare skriv han at kyrkjelyden ikkje hentar patriarkens skriftlege godkjenning for utgifter over 50.000 kroner.
«Det hadde vært enormt tidkrevende og i praksis paralysert menigheten helt. Menigheten fungerer som selvstyrende medlemsorganisasjon med generalforsamling og styre som tar av løpende saker.»
Når det gjeld kjøp av eigedom, skriv han følgjande: «Verken det oppsparte tilskuddet alene, eller gaveinntektene alene, kunne gjort det mulig å investere i eiendom. Det er totalen av oppspart tilskudd, kollekt og gaveinntekter samlet som har gjort det mulig, Det fremgår tydelig av menighetens regnskap. Den største andelen oppsparte midler stammer fra kollekt og gaver. I 2024 mottok menigheten til sammen 1,5 millioner kroner i gaver.»
Klassekampen har kontakta Moskvapatriarkatet for ein kommentar, men har ikkje fått svar.