Edvard Mogstad (Historikar og styreleiar i Fritt Norden Norge)
Dei europeiske leiarane verkar skrekkslagne over utsiktene til fred i Ukraina, men kva er gale med at Trump og Putin endeleg bestemmer seg for å røyke fredspipe? Utsiktene til verdskrig med dei amerikanske basane i Norden som bombemål er mindre, og eg er letta. Eg trur våre leiarar og media har vondt for å gå til publikum og seia at sorry, krigs- og Nato-linja var mislukka. Tapet av prestisje blir for stort. Så dei held på krigsmålinga ei stund, sjølv om det er berre ukrainarane som blir sendt på krigsstigen.