I Klassekampen den 19. februar tar Rune Skarstein for seg jernbanen i Europa, Sveits og Norge. Eg er samd i at Sveits er eit forbilde og at Norge bør byggje meir dobbeltspor, men ikkje heilt samd i korleis det bør gjerast. Skarstein vil satse på tradisjonell jernbane, og åtvarar mot lyntog. Eg vil seie at å byggje tradisjonell jernbane i dag tyder stålskinner på betongsviller. Eg meiner at lyntog/høgfartsbane er det tradisjonelle jernbanekonseptet i optimalisert utgåve.