Project 2025» er namnet på den ekstremkonservative politikkplattforma som Trump i valkampen nekta kjennskap til, men som han no ser ut til å følgje nesten punkt for punkt. Project 2025 har også mykje å seie om pengepolitikken. Eit minimumsmål er å ta frå den amerikanske sentralbanken mykje makt. Maksimumsmålet er å avvikle sentralbanken fullstendig. Dei ynskjer å legge fram saka for høgsterett og med ei sær tolking av grunnlova argumentere for at heile sentralbanken er grunnlovsstridig.
Minimumsforslaga går ut på å fjerne sentralbanken sitt «dobbelmandat» der full sysselsetting skal vektast likt med prisstabilitet, å nekte sentralbanken å kjøpe statsobligasjonar eller andre finansielle aktiva for å stimulere økonomien i nedgangstider og å nekte sentralbanken å redde bankar i krise. Project 2025 ynskjer å innføre ein ny gullstandard, og returnere til «free banking»: der banker opererer utan finanstilsyn eller innskotsgaranti, og der bankane kan gå konkurs utan statlege redningspakkar – og kundane sine sparepengar går tapt om dei set dei inn i feil bank.
I Trump sin første månad såg det ikkje ut til at han gav sentralbanken merksemd, han var opptatt med andre fiendar. Men i førre veke gav Trump ein ny ordre der han tar meir kontroll over særleg uavhengige tilsyn som har ansvarsområde knytt til handel og finans (SEC, FCC, FTC – amerikanske økonomitilsyn er gjerne ei bokstavsuppe, men særs viktige langt utover USA sine landegrenser). Presidentordren krev at alle desse tilsyna må ha godkjenning frå det kvite hus for det dei gjer, og kvart av tilsyna må ha ein representant frå Trump-administrasjonen i leiinga. Trump gav derimot den amerikanske sentralbanken eit slags unntak. Bankreguleringssida av sentralbanken må følgje dei nye retningslinjene, men den pengepolitiske komiteen (FOMC) slepp.
Kva konsekvensar det får for verdsøkonomien om Trump no byrjar å klusse med sentralbanken aner vi ikkje. Det vi veit, er at det er dollaren og amerikanske statsobligasjonar som ligg til grunn for globale finansmarknader, og bak begge desse står den amerikanske sentralbanken. Når norske bankar deltek i internasjonale pengemarknader for å sikre seg finansiering, er det i dollar, og i stor grad med amerikanske finansinstitusjonar dei samhandlar. Når Noregs Bank skal endre renta, er det rentenivået til den amerikanske sentralbanken som er særleg viktig. Når banken din skal finne ut kva rente dei skal ta for eit bustadlån, er det renta på amerikanske statsobligasjonar som er referansen som all finansiell risiko reknast ut ifrå. Då norske bankar hamna i trøbbel i pengemarknadane i 2008, kunne Noregs Bank redde dei fordi dei fekk tilgang til fleire milliardar dollar nettopp frå den amerikanske sentralbanken.
«Project 2025 ynskjer å returnere til ‘free banking’»
I globale finansmarknader i dag er det dollaren som er vår felles rekneskapseining. Det er til sjuande og sist i dollar at aktørar i finansmarknader reknar verdien av alt anna. Kva som gjer at dollaren har fått den rolla, er det ikkje semje om innanfor fagfeltet mitt. På 1970-talet var valutateoriane retta mot USA sin posisjon i internasjonal handel. Det var ikkje rart at den fremste industrinasjonen i verda også skulle ha verdsvalutaen. Men USA har i fleire tiår vore relativt svekka som industri- og handelsnasjon og Kina har overtatt som verdas fabrikk. Ingenting av dette har rokka ved dollaren si rolle i det internasjonale finanssystemet.
Teoriar som knytte valutaposisjon til handel har no blitt erstatta av teoriar som har andre forklaringsfaktorar: Dollaren si rolle skuldast storleiken på den amerikanske obligasjonsmarknaden, marknadsposisjonen til den amerikanske finanssektoren, eller at USA har den sterkaste militæret og difor (i teorien) større skatteleggingsmakt enn nokon annan stat.
Kva for ein av desse faktorane som er den riktige eller den viktigaste har ikkje vi som studerer dollaren kunne avgjere. Til skilnad frå til dømes valforskarar som kan forske på tusenvis av val i eksperimentliknande høve, så skjer det (heldigvis) sjeldan store omveltingar i verdsøkonomien. I moderne tid har vi berre endra verdsvaluta ein gong, då pundet mista posisjonen sin til dollaren i mellomkrigstida, og då skjedde det gradvis over fleire tiår. Kva som skal til for at verda skal miste tilliten til dollaren og kva som skjer dersom nok folk mistar tilliten til denne felles rekneskapseininga over natta veit vi ikkje, for det har aldri skjedd før.
Om Trump no går til angrep på sentralbanken, om han klussar med statsobligasjonsmarknaden, om han skadar skattevesenet og militæret i ein slik grad at USA som statsmakt mistar tillit i verdsøkonomien, så får vi kanskje endeleg svar på kva det var som gav dollaren den rolla den hadde. Det hadde vore spennande for meg som fagperson, men for meg som borgar, bankkunde, låntakar og pensjonssparar er det eit marerittscenario.