Kron og mynt

Sjå til Sveits!

Jernbanen er suveren for å redusera CO2-utslepp. Vil Noreg bli med på den europeiske togboomen?

STORSTILT: Sveits har verdas tettast utbygde jernbanenettverk, med 60 prosent dobbeltspor mot Norges sju. Her ser vi bormaskina til den 57 kilometer lange Gotthard-tunnel under dei sveitsiske alpane, som er verdas lengste. FOTO: FABRICE COFFRINI, NTB/AFPSTORSTILT: Sveits har verdas tettast utbygde jernbanenettverk, med 60 prosent dobbeltspor mot Norges sju. Her ser vi bormaskina til den 57 kilometer lange Gotthard-tunnel under dei sveitsiske alpane, som er verdas lengste. FOTO: FABRICE COFFRINI, NTB/AFP

Introduksjonen av tog med høg hastigheit, i Tyskland, Frankrike og Spania, har kanskje stimulert interessa for også å reise med tradisjonelle tog. Iallfall har passasjertala på tradisjonelle tog auka veldig etter covid-pandemien. Størst interesse er det for nattog med sovekupear. Togsamarbeidet European Sleeper har eit slikt tilbod. Dei tilbyr reise med nattog mellom blant andre byane Venezia, München, Amsterdam, Berlin, Dresden og Praha, med mange stopp på stasjonar mellom desse byane. I eit stort oppslag i avisa El País, med tittelen «Europa stig om bord på toget», skildrar journalisten ei 26 timars samanhengande reise på 300 mil mellom Madrid og Praha. Han observerer at særleg på grunn av nattoga har passasjertalet på tradisjonelle tog over lange distansar i Europa auka betydeleg dei siste åra, og han noterer at det slett ikkje er den moderate farten, men den høge prisen som står i vegen for større vekst i togreisene over store avstandar: «Slow travel» er tvert imot blitt på moten hos ein betydeleg del av befolkninga.

Les hele Klassekampen på nett

Få nyhetene som setter dagsorden, analysene som betyr noe og stemmene som teller. Abonner i dag.

Bli abonnent

Allerede abonnent?

Kron og mynt

Det som begynte som en avtale for å regulere det indre marked, har fått stadig større politiske konse­kvenser.

Vi blir ikke late av å få mer penger. Faktisk er det motsatt.

Har Norge vært for opptatt av å spare penger i utlandet framfor produktive inves­te­ringer hjemme?