Kommentar

Varme lys i vintermørket

Vinterlysfestivalen i Mo i Rana viste nok ein gong eit omfattande tverrsnitt av både den etablerte scenekunsten og underskogen.

ANNLEIS FIGURTEATER: Urpremieren på «Manual for Living Beings av det spanske kompaniet La Mula var overraskande annleis, og eigentleg var det publikum som var marionettane. FOTO: JAN ERIK SKARBYANNLEIS FIGURTEATER: Urpremieren på «Manual for Living Beings av det spanske kompaniet La Mula var overraskande annleis, og eigentleg var det publikum som var marionettane. FOTO: JAN ERIK SKARBY

I regi av Nordland Teater, og som eit kulturelt lyspunkt i ein elles mørk etterjulsvinter, er det i 24 år blitt arrangert Vinterlysfestival i Mo i Rana. I ei dryg veke står den vesle byen i Helgeland på hovudet med heile 268 ulike teaterframsyningar og andre arrangement som konsertar, film og kunstnarsamtalar. I samarbeid med Rana kunstforening, er det også ein årleg festivalkunstnar med eiga separatutstilling, og i år var det Kjell Erik Killi-Olsen. Frå forsiktig programmering i starten, har Vinterlysfestivalen vakse seg til å bli ein av dei aller største teaterfestivalane i landet. Med tanke på kor mange som bur i Mo og omland, måtte Heddadagane i Oslo hatt om lag 10.000 arrangement for å kunne måle seg med Vinterlys. Det seier litt om kulturlivet i det langstrekte landet vårt og bør kanskje vere ein vekkjar for nedskjeringskåte politikarar.

Du må være abonnent for å lese denne artikkelen

Kommentar

At kunst­ver­denen også er et livsstils­fe­nomen, er godt kjent. Nå har galle­ris­tene dessuten entret restaurant- og hotell­bran­sjen.

Spielbergs ønskedrøm om et nytt medie­fel­lesskap er ufattelig regressiv.

Henie Onstad Kunst­sen­ter er kommet på utstilling hos konkur­renten Nasjo­nal­mu­seet.