Teater

Motsette retningar

Det hjelper diverre ikkje med framifrå ­skodespelarar og eit dyktig orkester når historia er føreseieleg og ganske uforløyst.

Brustne ambisjonar: Cathy (Sunniva Du Mond Nordal) slit med eigen karriere og må jenke seg etter Jamies (Snorre Ryen Tøndel) forfattarsuksess. Foto: Vegard EggenBrustne ambisjonar: Cathy (Sunniva Du Mond Nordal) slit med eigen karriere og må jenke seg etter Jamies (Snorre Ryen Tøndel) forfattarsuksess. Foto: Vegard Eggen

Teater

«The Last Five Years»

Trøndelag Teater, Gamle scene

Tekst og musikk: Jason Robert Brown Omsett av Øyvind Berg

Regi: Øyvind Brandtzæg

Musikalsk ansvarleg: Åsmund Flaten Scenografi: Olav Myrtvedt  Lysdesign: Eivind Myren

Med: Sunniva Du Mond Nordal og Snorre Ryen Tøndel

Cathy og Jamie, båe med store kunstnarlege ambisjonar, møtast og forelskar seg. Etter ei stund giftar dei seg også. Cathy er skodespelar og songar som slit med å få jobbar, medan Jamie raskt blir ein suksessrik forfattar. Karrierane deira er fullstendig asynkrone, og etter fem års forhold ryk det heile. Dette er stuttversjonen av «The Last Five Years», ein musikal som den amerikanske dramatikaren og komponisten Jason Robert Brown (f. 1970) skreiv i 2001, delvis sjølvbiografisk etter hans eige samlivsbrot. Musikalen hadde premiere i Chicago same år, blei filmatisert i 2015, og her heime er den spela på Edderkoppen i 2014. Nå har Trøndelag Teater sett han opp på teaterets gamle scene.

Du må være abonnent for å lese denne artikkelen

Teater

Teater

Fruen fra havet

Danske Anna Balslevs «Fruen fra havet» er fornøyelig og gjennomført, men tidvis er det som om regi og tekst ikke helt spiller på samme lag.

Teatermelding

Den dagen Nils Vik døde

Eit heilt vanleg liv blir til noko langt meir i Kyrre Eikås Ottersens overtydande, men lågmælte tolking.

Teater

Peer Gynt

Symboltung og kreativ oppsetjing av «Peer Gynt», men tematikken druknar i for mange påfunn.