Eit kraftig uver må skildrast med kraftfulle ord. Malabarisk er eit gammalt nordnorsk kraftuttrykk. I eit innlegg kritiserer Anniken Dulin På Teppet – redaksjonen for at dei ikkje omtalar ordet med den vørdnad det fortener. Dei ville heller gått for det tamme og slappe «Nils ellerno». Sjølv møtte Dulin ordet malabarisk for fyrste gong i eit dikt av Helge Stangnes. Ho siterer nokre linjer frå diktet ‘Salme i vårknipa’, som viser både ordkunstnaren og humoristen Stangnes. Med få ord formidlar han dei naturkreftene og livsvilkåra som folket der nord lever under, og direkte til Gud seier han: « … så sende du et ver som e aldeles malabarisk og stelle tel elendigheit førr folket i en fjord.»