Israel og palestina
Kva hende 7. oktober?
Stadig vekk blir det skrive om 1100 til 1200 drepne under angrepet 7. oktober 2023. Ofte blir det skrive at 1100 til 1200 sivile blei drepne den dagen. Det er ikkje sant.
Offisielle israelske tal, som har variert noko, er at 1100–1200 var det samla talet drepne den dagen, av dei var mellom 300 og 400 israelske soldatar og meir enn 100 politifolk. Det inneber kring 600–700 drepne sivile. Folkeretten slår fast at eit okkupert folk har rett til å gjera motstand, og at dei også har rett til å gå til angrep på, og eventuelt drepa, okkupantens valdsmakt.
Leiv Olsen