Det nærmar seg to månader sidan sørkoreansk etterretning hevda at 1500 nordkoreanske soldatar var på veg mot fronten i Ukraina. Sidan den gong har ein funne satellittbilete av nordkoreanarar i Khabarovsk aust i Sibir, nokre pikselerte bilete av det som skal vere lik og ein video av fotsoldatar som kryssar ein eng i Kursk-regionen som er for langt unna til at ein kan sjå noko som helst av kven dei er. Dokumentasjonen på desse soldatane glimrar med sitt fråvær, og i alle fall ein del ukrainarar på fronten tviler ifølgje ei BBC-melding på at dei er der i det heile tatt.