Tidlegare kaffikonge og Høgre-topp Herman Friele slepp andre oppgåver enn å vere gjest på julaftan.

Feirar på hytta

Fjellklar: Herman Friele gler seg til jul. Foto: Gunnar Wiederstrøm

I øsande regn er Herman Friele og kona på veg frå Bergen til Geilo, der dei har hytte. Den tidlegare borgarmeisteren i Bergen og gjennom mange år administrerande direktør i Kaffehuset Friele gler seg til jul. Då skal han også på fjellet.