Kva blir neste steg?

Takk til Hans-Erik Skjæggerud, leiar i YS, for raskt svar (Klassekampen 25. november) på spørsmål vi stilte 21. november! Det ser ut til at vi er einige om at «Låg kvinnelønn er eit samfunnsproblem som har store konsekvensar». Skjæggerud nemner tre tiltak som er viktige for å få gjort noko med dette. Kamp for likelønn i lønnsoppgjera, fleire heiltidsstillingar og kompetanse er alt saman gode ting som det er all grunn til å driva vidare så langt det let seg gjera.

Debatt