Poetisk praksis

Komme til ordet

Eg held oppe fjella
Eg blindar storhavet
Eg har kniv i bringa
Eg ser ranglande fuglar
Eg raknar med meg midtfjords
Eg syner deg fortvilte planetar
Eg går inni firkantar
Eg stablar drivande ved
Eg kryp på nedrige berg
Eg isar ned tindar
Eg fer til botnar
Eg sit fast i altet
Eg triv fordrivne ord
Eg sankar motige maurar
Eg kryssar sorgsam myr
Eg skriv oppå hjartet ditt
Eg legg meg inntil deg

Bokmagasinet

Kommentar

Samtids­poe­siens former har sine røtter i forrige århundres krigs­er­fa­ringer.

Anmeldelse

Hunden har vært med oss i årtusener. «The Dog’s Gaze» viser hvordan det har preget kunst­his­to­rien.

Månadens poet

For Joakim Kjørsvik kan ein augeblink seie mykje om eit liv.