I dag

Ein ljoneld or myrkret

Eg hadde eingong ein lærar, ein klok gamal mann, og han gav seg tidt til å fortelja sogor attåt den teksti som stod å lesa i sogeboki vår. Me lika den læraren. Han laga eit gjevande byte millom forteljing og ord på papir. Då sogeboki vår drog seg mot innføringi av kristendomen i Russland i 988, fortalde læraren um Ragnvald som truleg kom frå Vestlandet einkvan staden og var av Hårfagre-ætti. Han var på veg frå Gotland til Russland der han vart gjeven styringi av den gjeve byen Polotsk. Dimed kom han i vegen for Vladimir i Novgorod, som esla seg til å vinne makti radt sør til Kiev. Han sende heren sin mot Polotsk til å plundre byen og drepa Ragnvald og huslyden hans so ner som dotteri Ragnhild, russisk Rogneda. Henne tok Vladimir til ei av fleire konor. Det gav honom kanhende ein slags rett på Polotsk attåt. Og han nytta henne vel, for på ti år gjorde han henne til fem gongor. Den mest kjende av borni vart Jaroslav den vise, ein namngjeten storfyrste i Kiev, og eine dotteri, Elisaveta, vart gift med Harald Hardråde.

Du må være abonnent for å lese denne artikkelen

Mer fra Klassekampen

Demokrati

Chiles ufull­sten­dige oppgjør med Augusto Pinochet bærer i seg flere lærdommer for USA.

Svalbard

Tidligere har isbjørnen på Svalbard holdt seg unna reinen, men med mindre is må den leite etter mat på annet vis.

Én gang har Fridtjof Klareng Dale aksjonert mot norsk olje­lei­ting. Prisen ble fotlenke og 1,2 millioner kroner.