Kva synst du sjølv?

Ja, så er Synsemeisterskapet 2024 over for denne gongen. USA har valt sin Bølle-president til det dei no får finna ut om dei fortener. No kan våre heimlege synsarar ta ein runde om kva denne uendelege synsinga om presidentvalet i USA var til, denne gongen. Om dei vil kryssa av for informasjon eller underhaldning eller «det å vera på» utan særleg interesse for «til kva nytte» – det veit ikkje eg. Men eg kjende at eg berre måtte slå av då synsinga til slutt blei døgnkontinuerleg.

Debatt