Sv

SV vil gjere tannlegen gratis for alle under 30 år

SV varslar at tannhelse blir ei storsatsing i forhandlingane med regjerings­partia.

Stort gap: SV vil bort frå at tannhelsa utgjer eit klasseskilje i Noreg. Foto: Christopher OlssønStort gap: SV vil bort frå at tannhelsa utgjer eit klasseskilje i Noreg. Foto: Christopher Olssøn

Regjeringspartia Arbeidarpartiet og Senterpartiet har lagt fram sitt forslag til statsbudsjett, men snart skal dei gå i gang med forhandlingane med SV for å sikre eit fleirtal i Stortinget.

No varslar SV-leiar Kirsti Bergstø at dei kjem til å presse på for billegare tannlege, og at det blir viktig for partiet å få ein solid siger der.

Redd for Høgre

– Tannhelse har vore eit viktig tema i alle budsjettforhandlingane vi har hatt med regjeringspartia, og det blir det no og. No har vi fått på plass gratis tannhelse for 400.000 menneske, men vi skal halde fram. Vi gir oss ikkje før vi er i mål, seier Bergstø.

Bergstø seier at den største trugselen mot at SV skal kome i mål med å gjere tannhelse gratis for alle, er at dei borgarlege vinn valet neste haust.

«Dette er ein stor velferdsreform.»

Kirsti Bergstø, leiar i SV

– Vi treng raudgrønt fleirtal, og vi treng eit sterkt SV. Det er dei to tinga som skal til for å sikre gratis tannhelse for flest mogleg, seier ho og legg til:

– SV har fått til alt som har skjedd så langt på tannhelse, seier ho.

Vil unngå klasseskilje

– Kvifor byrjar de med dei yngste? Går ikkje eldre folk meir til tannlegen?

– Rettane og tilbodet til dei over 85 år har blitt styrka av oss. Grunnen til at vi vil gjere det gratis for dei under 30, er at vi byrjar på ei stor velferdsreform som skal ende med at tannhelse ikkje blir eit klasseskilje, seier Bergstø.

Denne veka skreiv Klassekampen at Raudt har invitert til eit forlik på Stortinget for å sikre gratis tannhelse til alle.

– Eg fekk det brevet frå Raudt, og eg tykte det var rart at dei ikkje nemnde noko om at det allereie har skjedd mykje på tannhelse i denne perioden, og at det er SV som har fått det til, seier Bergstø.