Det samiske nasjonalteatret Beaivváš har i år fått sitt eige nybygg, Čoarvemátta i Kautokeino. Det er teikna av Snøhetta, 70° N arkitektur og Joar Nango, og førsteinntrykket for denne meldaren (som også er arkitekt) var imponerande. Det er blitt eit vakkert og praktisk bygg som har to scener og topp moderne produksjonslokale, og det inneber sjølvsagt eit enormt løft for teateret.
Eit mektig og lyrisk epos som tek oss gjennom hundre års samisk historie.