Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Eit mektig og lyrisk epos som tek oss gjennom hundre års samisk historie.

Poetisk draumspel

SYMBOLTUNGT: Symbolikk og bilde er tydelege som i denne dansen med både ulv og rein. FOTO: JAKOB JAKOBSSON

Ædnan

Det samiske nasjonalteatret Beaivváš, Čoarvvuš, Kautokeino  

Av: Linnea ­Axelsson Dramatisering og regi: Leif Stinnerbom

Med: Elin Oskal, Mary Sarre, Marte Fjellheim Sarre, Ingá Márjá Sarre med fleire.

Det samiske nasjonalteatret Beaivváš har i år fått sitt eige nybygg, Čoarvemátta i Kautokeino. Det er teikna av Snøhetta, 70° N arkitektur og Joar Nango, og førsteinntrykket for denne meldaren (som også er arkitekt) var imponerande. Det er blitt eit vakkert og praktisk bygg som har to scener og topp moderne produksjonslokale, og det inneber sjølvsagt eit enormt løft for teateret.