Hans Rotmo døydde 24. oktober, etter å ha vore sjuk lenge. Vi som var med i Heimevernslaget, møtte Hans i 1978, da han var på utkik etter mannskap til det nye prosjektet sitt. Vi forsto at han leita etter folk som kvar for oss kunne tre inn i posisjonar som understøtta det kulturelle prosjektet hans. Å væra ein brukbar musikant var ikkje nok for Hans. Vi skulle bli med han og fortelje folket det han hadde på hjertet. Humor og ablegøyer var sjølsagt ein del av det.
Hans Rotmo (1948–2024)