Sofie Marhaug har delt denne artikkelen med deg.

Sofie Marhaug har delt denne artikkelen

Bli abonnent
Vindkraft

Hydro-tilsette seier nei til eigen vindkraftplan

Hydro vil bygga vindkraft i Høyangerfjellet. Men Hydro-­tilsette går mot planane, som inneber 50 turbinar i fjellheimen.

OMSTRIDDE KRAFTPLANAR: Hydro vil bygga ut vindkraft for å få meir kraft framover. Bildet, der fabrikksjef ved Hydro i Høyanger Ann Synnøve Øygård står i midten, er tatt i ein anna samanheng. Foto: Vilma TauboOMSTRIDDE KRAFTPLANAR: Hydro vil bygga ut vindkraft for å få meir kraft framover. Bildet, der fabrikksjef ved Hydro i Høyanger Ann Synnøve Øygård står i midten, er tatt i ein anna samanheng. Foto: Vilma Taubo

Kommunestyra i Høyanger og Sunnfjord skal i haust ta stilling til om dei vil gå i gang med ei konsekvensutgreiing av vindkraftplanar i fjellheimen.

Saka er svært kontroversiell og deler lokalsamfunna. Den eine planen står Hydro bak saman med kraftselskapet Eviny og vindkraftselskapet Zephyr. Prosjektet heiter Snøheia Industrikraft og omfattar 50 vindkraftturbinar innanfor eit område på 26 kvadrat­kilometer.

Nyleg tok Høyanger kjemiske industriarbeidarforeining (LO) stilling til kva dei meiner om ei konsekvensutgreiing av vindkraft på Snøheia. Styret meinte fagforeininga burde støtta planane om ei konsekvensutgreiing, men møtte motstand av medlemmane. Avrøystinga var hemmeleg, men av dei 29 som stilte på møtet, stemte eit fleirtal på 17 for å gå imot vindkraftplanane. Saka blei fyrst omtalt i Sogn Avis.

Fryktar høgare straumpris

Karstein Larsen har jobba ved aluminiumsverket i Høyanger sidan tidleg på 1980-talet. Han er blant dei som er kritisk til Hydro-konsernets planar om ei vindkraftutbygging.

– Eg meiner ei vindkraftutbygging er naturøydeleggande og lite samfunnsnyttig, seier Larsen, som trur vindkraftprosjektet vil føra til at den totale straumprisen for folk vil bli dyrare, gjennom ei høgare nettleige.

Han trur også at krafta kan komma til å bli selt til utlandet. Han poengterer at det ikkje er mangel på kraft som er eit problem på Vestlandet, men prisen på krafta.

– Krafta skal inn på 420 volts-linja på transmisjonsnettet, så det går rett ut på dei store kablane ut av landet, seier Larsen, som trur at tanken er å selja straumen.

Terje Ljotebø er leiar i fagforeininga. Han var måndag føremiddag ikkje klar for å fronta motstanden mot ei vindkraftutbygging i Hydro-regi. Styret skulle samlast måndag kveld for å diskutera kva dei no skal gjera.

Larsen meiner fagforeininga må følga opp vedtaket som er gjort om å gå mot ei konsekvensutgreiing.

– Ja, det må han gjera. Dette var ei avstemming blant medlemmane, seier Larsen, som trur resultatet på møtet der 17 var mot og 12 for er representativ for kva heile medlemsmassen på 360 meiner.

Splittar LO

Spørsmålet har også vore diskutert i LO i Ytre Sogn, ei samanslutning av fagforeiningar i kommunane Høyanger og Hyllestad, utan at dei har hatt ei formell handsaming. Også i LO i Ytre Sogn er meiningane delte. Ifølge leiar Arild Ullebø vil ikkje LO i Ytre Sogn gå ut med eit felles standpunkt, rett og slett fordi dei er for splitta.

– Det er mange i LO Ytre Sogn som har meining om dette. Me blir ikkje einige.

– Kva meiner du?

– Eg har ikkje styret bak meg. Då må eg uttala meg som Raudt-medlem. Eg er veldig imot dette, seier han.

Avhengig av kraft

Hydro forstår at det er delte meiningar om vindkraft, men opplever at det er støtte for ei konsekvensutgreiing i Høyanger. I ein e-post til Klassekampen skriv Hydro at «kraftsituasjonen for Hydro er alvorlig, og det er helt avgjørende at det utvikles ny kraft dersom vi skal sikre videre drift ved verkene våre – ikke minst i Høyanger som er det minste av våre aluminiumsverk».

«Snøheia kan bidra vesentlig til å sikre kraft til Hydro etter 2030 når våre langsiktige kraftkontakter går ut. Derfor er det avgjørende at vi nå får fakta på bordet gjennom en konsekvensutredning», skriv kommunikasjonssjef Halvor Molland i e-posten.

Molland seier at Hydro er kjent med vedtaket i Høyanger kjemiske industriarbeidarforeining sist veke, men viser til at det på eit medlemsmøte i september var brei støtte for ei konsekvensutgreiing.

«Hvordan Høyanger Kjemiske Industriarbeiderforening ønsker å håndtere dette videre er opp til foreningens styre», skriv Molland.

Han avviser at planen er å eksportera kraft:

«Vindkraft på Snøheia skal knyttes til Hydro gjennom en langsiktig kraftavtale på hoveddelen av kraften som produseres. Vi ønsker i tillegg å gjøre noe kraft tilgjengelig for andre industri- og næringsaktører i regionen».

To planar

Snøheia Industrikraft skal gi ein årleg produksjon på omkring 1 TWh, som svarar til det årlege forbruket til Drammen.

Fred Olsen Renewables står bak den andre planen i Høyanger og Sunnfjvindkraftord som skal til politisk behandling i haust.

Retting 22. oktober: I saka blei Høyanger kjemiske undustriarbeidarforeining kalla Hydro kjemiske undustriarbeidarforeining. Det er no retta.