Eli Farstad har delt denne artikkelen med deg.

Eli Farstad har delt denne artikkelen

Bli abonnent
DebattBds

Tydeleg, Kravik?

Takk til SVs Ingrid Fiskaa som tar til motmæle mot det BDS-kritiske statsbudsjettet. Med dette forsøker regjeringa å strupe eit ikkje-valdeleg verktøy for å stoppe Israels folkerettsstridige angrep. At Ap og Sp vil halde hand med Høgre i denne saka er notert.

Regjeringa koplar BDS til diskriminering og antisemittisme, og hoppar dermed bukk over internasjonal rett og ICJs avgjersler. Å stoppe pengestraumen til selskap som gjer det mogleg for Israel å drepe fleire titals barn i døgnet og drive ulovleg okkupasjon i tiår etter tiår, er i tråd med folkeretten.

Andreas Kravik svarer at regjeringa har ein tydeleg politikk om den ulovlege okkupasjonen. Men eit regjeringsutnemnt utval tilbakeviser dette.

NOU 2024: 9, Ny lov om offentlige anskaffelser, konkluderer med at regjeringa har vore utydeleg når det gjeld statens pengebruk og Israels okkupasjon (boks 9.5). Regjeringa har gitt rettleiing til næringslivet, men ikkje til offentlege oppdragsgivarar.

NOUen skriv også at «internasjonal humanitærrett eller annen folkerett» kan vere gyldig grunn til å avvise ei nyskaffing, om ein ser på EU-domstolens vurdering av «yrkesmessige forsømmelser» (avsnitt 9.6.4.2.). Utvalet slår fast at «det bør gis tydelige signaler og veiledning til offentlige oppdragsgivere om dette».

«At Ap og Sp vil halde hand med Høgre i denne saka er notert»

Fleire høyringsinnspel til NOUen, til dømes frå fem av landets største universitet, har bedt om betre rettleiing om innkjøp og folkerett. Dei er usikre på kva som er rett praksis – og dermed usikre på om dei bryt til dømes folkemordkonvensjonen. Det er forståeleg at dei sit stille i båten. Bøtene er store om dei gjer feil.

Den openberre løysinga er klarare rettleiing. Folkerettsekspertar seier at ICJ sine avgjersler understrekar statens plikt til å handle, helst i går. Skal vi vente på ny lovproposisjon, stortingsdebatt og vedtak før regjeringa gir ein forsvarleg instruks?

Det er mogleg å vere tydeleg og rask. For å bruke eit anna døme enn Russlands invasjon: i år kom ein endringsparagraf kor «oppdragsgivere kan bruke sitt innkjøpsfaglige skjønn og søke løsninger som gir størst mulig miljøgevinst». Bytt ut dei fire siste orda med «bidrar til å stoppe massedrap på barn».

Kva skjer i praksis? Statens fellesavtale for PC-utstyr illustrerer. Frå 2023 skulle Hewlett Packard vere førstevalet til alle statstilsette. Neste år kjem ein ny avtale. Skal vi igjen prioritere selskap som har bidrege til okkupasjon og apartheidpolitikk (whoprofits.org) i ei årrekke?

Historia viser at teknologi er ein avgjerande ressurs for å gjennomføre etnisk reinsing. Forskarar har vist korleis IBM bidrog til holocaust, til dømes gjennom ein særskilt hullkort-teknologi som effektiviserte kartlegginga av jødane. No er det 2024, vi kan ikkje seie at vi ikkje visste.

Nei, Kravik. Regjeringa har fram til no ikkje vore tydeleg når det handlar om å endre praksis for å stanse okkupasjon og massedrap på sivile. Det same kan ein ikkje seie om den fredelege BDS-rørsla.

Lyst å lese mer fra Klassekampen?

Bli abonnent

Du kan enkelt registrere deg med

Debatt

Klima og miljø

Nei til olje i arktis

Denne uken er det duket for FNs naturtoppmøte COP17 i Armenia. Her vil Norge trolig holde en vakker tale om viktigheten av å ta vare på vår sårbare natur. Men på hjemmebane skjer det stikk motsatte. Her fortsetter regjeringen sin aggressive oljepolitikk og deler ut stadig nye letelisenser i våre aller mest sårbare og verdifulle havområder i nord – ved iskantsonen, nær kysten og i viktige fiskeri- og sjøfuglområder nord for polarsirkelen. Områder som sårt trenger vern. Klimaendringer legger allerede et stort press på dyrelivet i Arktis.

Rødt

Svar til Lars Borgersrud

Lars Borgersrud skriv 21. oktober om Raudt Oslo sitt nominasjonsmøte. Han trekk fram mangelen på debatt om Ukraina, og skildrar song frå unge medlemar som ei «markering mot Raudt». Som fylkeslaget si øvste leiing ser me oss nøydd til å svara. Borgersrud har rett i at støtte til den ukrainske motstandskampen ikkje tok noko plass i debatten. Detta gjorde heller ikkje anna nasjonal politikk, som til dømes partiet sitt syn på havvind. Snarare var debatten prega av lokalt arbeid for kampen mot skilnads-Oslo.

Statens pensjonsfond utland

Pensjons­fondet skal forvaltes ansvarlig

I Klassekampen 24. oktober kritiserer Hans Petter Graver etikkutvalgets forslag om å endre kjernevåpenkriteriet. Utvalget foreslår å åpne for at Statens pensjonsfond utland kan investere i selskaper i allierte kjernevåpenstater som produserer kjernevåpen eller sentrale komponenter til slike våpen. Graver, som ledet utvalget som foreslo kriteriet i 2003, er også kritisk til argumentene etikkutvalget bygger forslaget på. Det er naturlig at utredningen fra etikkutvalget skaper debatt. I forslaget til statsbudsjett for neste år legges det opp til å bruke over 600 milliarder kroner av avkastningen av fondet. Mer enn hver fjerde krone av statens utgifter til blant annet pensjon, trygd, sykehus, skole, forsvar.