Klummelumsk

SJØLVSKRIVEN: Katherine Diez. FOTO: BERLINGSKE

Då notisredaksjonen bladde opp i nokre ferske danske aviser denne veka, var det eit namn som spratt fram frå alle kantar: Katherine Diez, Katherine Diez, Katherine Diez. Kven var no det igjen? Influensar, var vår første tanke, og sant nok: Katherine Diez var klummeskribenten og litteraturkritikaren som starta og avslutta karrieren med ein shitstorm i sosiale medium, som Politiken skriv: Etter å ha publisert sin første kritikk, av Morten Sabroes «32 cm», i Berlingske i 2018, la ho ut eit bilete av seg sjølv i senga med boka hen over (også Politikens ord) brystet: «Jeg går i seng med mit arbejde». 6 år og 60.000 Instagram-følgjarar seinare storma det igjen, då det blei funne 13 tilfelle av plagiat i dei 94 tekstane ho skreiv for Berlingske. 9 månadar seinare fortel Diez om den tunge tida i debutboka «I egen barm». «En uddrivelse», kallar ho boka. Ekskjærasten, den profilerte tv-kokken og manusforfattaren Adam Price, kallar den på si side for «en krænkelse». Kritikarane har også sitt dei vil ha sagt, til dømes i Soundvenue: «Det bedste, der er at sige om Katherine Diez’ bogdebut, er, at hun selv har skrevet den».

Bokmagasinet