Den 58 år gamle mannen som har fått medhald i Trygderetten i at Nav har betalt han for lite, er langt frå aleine.

Har 30 klientar med like saker

FEIL: Uføre- og alderspensjonistar kan ha fått for lite frå Nav. Foto: Christopher Olssøn

Kring 13.000 kroner i månaden, før skatt, har mannen fått utbetalt frå Nav i uføretrygd. Mannen budde fleire år i Irland før han kom tilbake til Noreg og blei ufør. Trygdetida i Irland blei ikkje rekna med då Nav gjorde vedtak om uføretrygd. Mannen har meint at han hadde rett på eit garantitillegg som sikra han eit nivå tilsvarande minstesatsen.