Trua på energiomstillinga er kapitalens ideologi for det 21. hundreåret, hevdar Jean-Baptiste Fressoz.

Ei ny energi­historie

MEIR, MEIR, MEIR: Medan politikarar og næringsliv pratar om berekraftig omstilling, er energibruken høgare enn nokon gong før. Her vindturbinar i Niederaussem i Tyskland – og i bakgrunnen, eit kolkraftverk. FOTO: INA FASSBENDER, NTB / AFP

Vil omstillinga til nye berekraftige energiformer nokon gong finne stad? Neppe innan 2050, og kanskje ikkje på lang tid, er svaret til Jean-Baptiste Fressoz i ein ny og veldokumentert energihistorie, «Sans transition: Une nouvelle histoire de l’énergie». Fressoz, som er forskar ved Centre national de la recherche scientifique (CNRS) i Paris, legg vekt på den avstanden det er i den offentlege retorikken om omstilling frå fossile til berekraftige energikjelder og i kor stor grad dette faktisk er mogleg. Det er ingen samanheng mellom miljøtiltak som å køyre elektriske bilar og resirkulere plast og ei verkeleg omstilling til miljøvenlege energiformer. Ein kan ikkje få ei reell omstilling utan å avkarbonisere materiala som samfunnet vårt er bygd opp med. Sivilisasjonen vår er bygd på bruken av fossile energikjelder, og dette kan ikkje ordnast med enkle tekniske middel.

Med andre ord