Kunsten å spare seg til fant

Nokon som kan gje meg ei rask innføring i kvifor det var lurt av Meyer-byrådet i fjor å kutte eigedomsskatten i Bergen kommune med 57 millionar kroner? Om du eig eit hus til to millionar sparer du cirka 120 kroner i året. Det vil seie nesten ein Jarlsberg-ost eller fem liter mjølk eller ei pakke med Libero-bleier. Dette måtte dei altså skrape kommunekassa for å få til.

Debatt