Saman med eit solid følgje frå næringslivet er statsminister Jonas Gahr Støre komen heim att etter offisiell visitt i Kina. Føremålet var å konsolidera handelssamarbeidet og drøfta andre spørsmål, mellom anna innan klima og miljø. Høgst sannsynleg vart det òg utveksla synspunkt på krigane i Midtausten og Ukraina.