Høgre vil ikkje ha omkampar om abortlova. Heller ikkje helsepolitisk talsperson i Frp Bård Hoksrud trur det blir abortstrid i åra som kjem. KrF er skuffa.

Fredar ny abortlov

Saman: Høgre vil ikkje ha omkampar om abortlova på Stortinget i åra som kjem. Her er nestleier Henrik Asheim. Foto: Tom Henning Bratlie

Helse- og omsorgs­komiteen på Stortinget har framleis ikkje begynt å debattera forslaget frå regjeringa om ny abortlov. Alt no er det likevel klart at det blir fleirtal for å utvida grensa for sjølvbestemt abort frå veke 12 til veke 18 i svangerskapet, sjølv om regjeringspartiet Sp går imot.