Me må spela kvarandre gode, sa Nils Arne Eggen, den tidlegare trenaren i Rosenborg. Desse orda har eg tenkt på ein del, den siste tida. Noreg må vera eit lag, akkurat som i lagidretten. Me er eit spleiselag igjennom skattesetelen. Den felles innsatsen har skapt eit sikkerheitsnett som tar oss i mot når me treng støtte.