10. aug.
Ting eg hatar Nyheitene er vanskeleg å følgje med på og vanskeleg å ta innover seg. Og viss du får til å ta dei innover deg, er dei stort sett så fæle at du kjenner deg tom, forvirra, apatisk eller livredd.
Men det norske nyheitsbildet klarer uansett alltid å vere sitt gamle eg, på eit eller anna vis. Med liksom dei same debattane, folka og vendingane. Og det er noko ved dei som klarer å vekke mykje frustrasjon og sinne, og nesten ei kjensle av, ja, eg veit det er eit hardt ord som ikkje skal brukast for mykje, men hat.
No kjenner eg at eg treng å få ut aggresjonen ein eller annan plass, og då er denne spalta fin.
Her er ting eg hatar ved nyheitene:
Ordet «pumpepris». Særleg når politikarar seier det.
(Eg kan legge til ordet «penispumpe». Det er ikkje så ofte i nyheitene, men det er noko vemmeleg med p-ane på rad, ein spyttar dei stygge orda.)
Folk som smattar mens dei snakkar på radio.
Smørbukken