Magne Kaldhusdal spør om me skal overlata Krim til Russland og slik la makt bli rett, eller om me skal følgja geografien og la Krim høyra til Ukraina. Kva han meiner med å «legga den geografiske plasseringa til grunn», veit eg ikkje – skal me trekka strekar på kartet, slik Europas stormakter gjorde då dei delte opp Afrika?