Holly
Refleks
Etter klokka blei stilt mot sommartid, er det blitt mørkare og mørkare om kveldane. Eg prøver så godt eg kan å henga refleks på dei små barna som skal ut i mørket.
Men refleks er visst ikkje kult eller bra på nokon som helst måte. Refleksen er irriterande, i alle fall om du skal spela fotball. Dessutan ligg det ei samling refleksband igjen i ein boks på skulen, så det er berre dei all for store og all for små refleksvestane som er tilgjengelege hos oss.
Refleksen er jo genial, tenker du og eg. Han lyser oss opp langs mørke vegar. Men akk og ve, så vanskeleg det skal vera å få den på, og så står me i den vesle gangen og knirkar, på same måten som då regnbuksa irriterte.
Og eg minnast plutseleg mitt eige forhold til refleks då eg var lita.